Høyring: Alkoholpolitisk handlingsplan 2024–2028

Framlegg til alkoholpolitisk handlingsplan er no lagt ut på høyring.

Kommunane har eit ansvar for å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk, innanfor alkohollova sine rammer. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Dette er bestemt i alkohollova § 1-7d.

Eksisterande plan går ut i 2024 og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal ta stilling til val av fornyingsprosess for gjeldande sals- og skjenkeløyve i kommunen. 

Gitte sals- og skjenkeløyve gjeld i utgangspunktet fram til 30. september året etter at nytt kommunestyre har tilrådt, altså 30.09.2024. Kommunstyret har då høve til å påverke korleis alkohol- og løyvepolitikken skal vere dei neste fire åra. 

Utkast til ny alkoholpolitisk handlingsplan er omtalt i saksframlegget og vist i framlegget til ny plan for perioden 2024–2028. Kommunedirektøren sender difor utkastet på høyring i samsvar med vedtaket i formannskapet. 

Kommunedirektøren har bedt om at varigheita til eksisterande sals- og skjenkeløyve i kommunen vert avklart. I vedtaket om å legge saka ut på høyring gjekk formannskapet inn for å fornye gjeldande løyve i fire nye år, utan krav til at verksemder med gjeldande løyve må søke på ny. Dette spørsmålet må kommunestyret ta endeleg stilling til når høyringa er over. Ved inngangen til ny løyveperiode har kommunen mogelegheit til å vedta at løyva ikkje skal opphøyre, men løpe vidare for ein ny periode på inntil fire år, etter ein gjennomgang av alkoholpolitikken i kommunen. 

Saksdokument

  1. Formannskapet sitt vedtak om høyring, med saksutgreiing om framlegg til endringar av planen
  2. Framlegg til Alkoholpolitisk plan for perioden 2024–2028
  3. Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan

Frist 

Høyringsfristen er 25. mai 2024. 

Eventuelle merknadar til utkastet kan du sende inn slik

 – Merk svaret ditt «Alkoholpolitisk handlingsplan» og saksnummer 24/1774

Kontakt

Eldar Øye assisterande kommunedirektør
93439790
@ Eldar Øye

Følg oss