Oppfølging etter evakueringa i Indrehovdevegen

Pressemelding

Evakueringa vart oppheva måndag 29. april, men Ørsta kommune har vore i dialog med både politi og NVE også i dag.

Det vart i går meldt av politiet at NVE ville vurdere å sende ein geoteknikkar til staden i dag, fredag 3. mai. NVE har gjort ei ny vurdering av situasjonen, og deira konklusjon er at her er det sig i grunnen pga. vasstrykk ovanfor huset.

Dei vurderer at det ikkje er nokon fare for ei rask utgliding av jordmassar. Det betyr at dei meiner at der ikkje er nokon fare for liv og helse.

NVE vil gi ein uttale om saka til NRK, og truleg også ein skriftleg uttale i saka. NVE har også vore i dialog med dei råka innbyggjarane, og har gitt råd i høve førebyggjande tiltak.

Ørsta kommune forstår at dette har vore ei ubehageleg hending for huseigarane og vil følgje dei opp med informasjon og god dialog framover.

Følg oss