Bli med Ørsta

Ørsta kommune har fått 1,1 millioner kroner frå helsedirektoratet til å skape sosiale møteplassar for vaksne i Ørsta.

Om prosjektet Bli med Ørsta

Gjennom ei rekke ulike tiltak er målet å skape engasjement gjennom sosialt samvære blant vaksne i Ørsta. Fred Igland er tilsett i 50% stilling i prosjektet.  Prosjektet er knytt til Frivilligsentralen og har dermed base i Ørstahallen, men er ikkje begrensa til berre hallen. 

I lag med frivilligsentralen og prosjektleiar er også flyktningkontoret med i arbeidsgruppa. I tillegg til å drifte eigne tiltak, skal prosjektet samarbeide med frivillige lag og organisasjonar, blant anna Røde kors omsorg som inviterer til turar og anna kjekke treffpunkt. Bli med Ørsta ønskjer seg fleire samarbeidspartnerar og gode framlegg. Om du brenn inne med ein ide, har noko du saknar eller ønskjer eller noko du ønskjer å bidrage med. Ta gjerne kontakt.

Kva kan du bli med på? 

I veke 40 startar prosjektet opp for fult, med aktivitetskveld på tysdagar og gratis motivasjonsforedrag på onsdag. 

Onsdag i veke 42 startar vi opp med datakurs for eldre i Ørstahallen.

Gratis motivasjonsforedrag med Barbro Sætha

Tid: Onsdag 2. oktober kl. 17.00–17.45
Stad: Møterom 2, i Ørstahallen

I samband med verdsdagen for psykisk helse får vi onsdag 2. oktober besøk i Ørstahallen av foredragshaldar Barbro Sætha. Ho har lang erfaring som mental trenar og har bakgrunn som idrettsutøvar på høgt nivå.

Ho vil snakke om korleis vi kan styrke og optimalisere vår mentale helse, der motivasjon og personleg utvikling er sentrale begrep, og ho vil gje deg enkle verkty som du kan ta i bruk umiddelbart.
Barbro er ei kunnskapsrik og erfaren dame med over eit tiår bak seg med dedikert arbeid rundt helse, prestasjon og personleg vekst, så dette anbefalar vi på det sterkaste at du får med deg!

Foredraget passar for vaksne i alle aldrar, og er gratis og ope for alle.

Då håpar vi å sjå deg denne dagen! Servering av kaffi og kjeks.

Datakurs for eldre

Datakurs for eldre starta opp igjen onsdag 16. oktober. 
Tid: Annankvar onsdag frå 16. oktober Kl.  11.00–13.00
Stad: Ørstahallen

Ingen påmelding trengst! Det er berre å møte opp.

Dette vil halde på annankvar onsdag framover.

Meir om aktivitetane og kva som skjer i Bli med – Ørsta kan du følgje med på på facebook. 

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes

Følg oss