Er du og ungdomen samsnakka?

Av og til

Det er lite sannsynleg at du er der når ungdomen testar alkohol for første gong, med all risiko det medfører. Derfor bør du ta praten på førehand og sørgje for at de er samsnakka om alkohol.

Har du vore bekymra for ein ungdom som eksperimenterer med alkohol? Då er du ikkje åleine. I ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført på oppdrag frå alkovettorganisasjonen Av-og-til, fortel nesten halvparten i Ørsta at dei har vore bekymra for at ein ungdom skal bli utsett for vald, overgrep eller ulykker i samband med alkohol og fest. Det er inga overrasking.

For tenåringar er uerfarne med alkohol og dermed ekstra sårbare når dei drikk. No som eit nytt skuleår er godt i gang, er det høgsesong for ungdomsfestar. Nye klassar og elevar skal bli kjende, og dei neste vekene og månadane er det sannsynleg at mange tenåringar prøver alkohol for første gong. Heilt normalt, tenkjer mange. Samtidig veit vi at risikoen for uønskte og farlege hendingar aukar når ungdom drikk.

Ørsta er ein Av-og-til-kommune. Vi jobbar førebyggjande for å skape gode og trygge oppvekstmiljø her hjå oss. I dette arbeidet er samarbeidet med de tenåringsforeldre heilt sentralt.

Ungdomstid

Ungdomstida er ei brytingstid og inneber ofte lausriving frå foreldra og familielivet. I overgangen frå ungdom til vaksen utviklar også haldningane og livsstilen seg. Mange unge er nyfikne på alkohol og ser på det å eksperimentere med alkohol som ein naturleg del av det å bli vaksen.

Men når ungdom drikk alkohol, aukar risikoen for ulykker, vald og overgrep. Alkohol kan også vere ein inngang til andre rusmiddel. Noko av det beste du som forelder kan gjere for å førebyggje uønskte hendingar, er å snakke med tenåringen din. Snakk om alkoholbruk og om kva reglar som gjeld – det kan redusere risikoen.

I Ørsta svarer 17 prosent av ungdomsskuleelevane at dei har vore rusa, ifølgje Ungdata. Talet kan vere eit utgangspunkt når tenåringsforeldre skal ta praten om alkohol med ungdomen.

Våg å setje grenser

Nokre tema er krevjande å snakke om, og alkohol kan vere av dei. Prøv å vise at det ikkje er noko problem å snakke om alkohol heime, og at de kan ha ein open dialog. Er du usikker på kor mykje de har snakka om temaet? Spør deg sjølv: Når prata vi om alkohol sist? Dersom du fortel korleis alkohol påverkar kroppen, kan det gi tenåringen din større forståing for korleis alkohol kan vere farleg.

I tillegg til å ha ein open samtale er det viktig med tydelege grenser. Forsking viser at ungdom som har foreldre som set tydelege grenser, drikk mindre alkohol enn jamaldringar som ikkje har slike reglar. Snakk med barnet ditt om kva reglar for alkohol som gjeld heime hos dykk, og oppmod han/henne om å komme til deg dersom det skulle skje noko. Noko av det viktigaste du kan gjere, er å vise ungdomen din at du er tilgjengeleg. Det er vanskeleg, men ikkje umogleg å ha tydelege grenser og samtidig vere ei trygg hamn som ungdomen kan komme til dersom han/ho skulle dumme seg ut og bryte reglane.

Anten ungdomen din har begynt å drikke alkohol eller ikkje, er det ein god idé å snakke saman om alkohol og risiko. Slik kan du hjelpe han eller henne med å navigere i ei spannande brytingstid.

Vi ønskjer alle ungdomar i Ørsta ei god ungdomstid – og alle foreldre lukke til i ei tid med store endringar!

Skrive av Ingvild Endal, Av-og-til koordinator i Ørsta kommune, Kari Flø, kommunalsjef for oppvekst, kultur og inkludering og Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til.

Av og til

Følg oss