Det er ingen spesifikk søknadsfrist, dvs løpande tildelingar. Formannskapet gjer vedtek om tildelingar etter tilråding frå Ørsta Næringskontor og kommunedirektøren.
Kontaktpunkt er Ørsta Næringskontor. Ørsta kommune følgjer retningslinjene frå fylkeskommunen for vurdering av søknader, sjå Retningsliner for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal.
Mål
Kommunale næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet.
Aktuell for støtte er bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Kommunestyret har gjort vedtak om at også bønder kan søke. Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Tiltak må bidra til å skape nye eller sikre eksisterande arbeidsplassar.
Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, bedriftsnettverk e.l.
Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til realisering av tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjennomført. Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege støtteordningar for bedrifter. Vert kun tildelt etter søknad.
Tilskot
Støttebeløp er inntil 50 % av totale kostnader, avgrensa til maksimalt 150 000 kroner. Tilskot frå kommunale næringsfond er rekna som bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket.
Søknad og anna informasjon er i utgangspunktet offentleg informasjon. Dokumentasjon vil bli lagt inn i søknadsportalen regionalforvaltning.no og kommunen sitt arkiv.
Avgrensingar
Kommunale næringsfond kan ikkje brukast til:
- Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantier
- Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital uavhengig av organisasjonsformer
- Ordinær drift av verksemder. All støtte som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstøtte. I bedrifter vil dette til dømes gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.
- Investeringar i, og ordinær drift og vedlikehald av, offentlege oppgåver.
- Tilretteleggande næringsutviklingsarbeid i regi av kommunen eller andre organisasjonar
Informasjon
Kontakt Ørsta Næringskontor
Søknad
Søknad sendast til Ørsta Næringskontor, på e-post: ab@orsta-nk.no
For fullstending informasjon; sjå Retningsliner for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal.
Sjå også: Stønad til skredfarevurdering (næringsformål)