Innbyggarane i Møre og Romsdal har gjennom Stikk UT! vist at dei er blant dei mest ivrige turgåarane i landet. Vår vakre og lett tilgjengelige natur er for mange førsteval når ein skal velgje seg ein fritidsaktivitet. Men terreng og klima gir også utfordringar, og meir nedbør og auka ferdsel gir slitasje på mange av stiane. Gjørmete stiar, våte myrer og vatn som tek nye vegar og skyller vekk grus har nokre stadar ført til stygge sår i naturen. Det er derfor med stor glede vi har fått oppretta eit eige fond der det skal vere lett å søke midlar til raske førstehjelpstiltak på stiar med stor slitasje.
Kven kan søke?
Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar, frivillege knytt til Stikk UT!-gruppa og Stikk UT!-kontakten i kommunen kan søke.
Les meir om stifondet og søknadskjema her.