Velkommen til tilskotsseminar for nye søkarar og tidlegare tilskotsmottakarar

Illustrasjonsfoto. Unsplash.com

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitalt seminar. 

Hovudposten på seminaret vil vere ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga – informasjon om prosess og endringar.I tillegg vil vi informere om tilskotsordningar og gi deg nyttig informasjon og gode tips på korleis du bruker vårt søkesystem Regionalforvaltning.no. 

Seminaret er for både nye søkarar og tidlegare tilskotsmottakarar. 

Stad: Digitalt
Dato: 21. september 2023
Tid: 10:00–12:30
​​​​Påmeldingfrist 17. september

Meld deg på

 

Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga

Tilskotsmidlane på kulturområdet er dei viktigaste verkemidla for å oppfylle prioriteringane og nå målsettingane i fylkesplan på kulturområdet. Midlane skal legge til rette for eit velutvikla mangfald av kulturtilbod i heile fylket. 

Ordningar du kan søke i haust er:  

  • Eittårig driftstilskot – Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement
  • Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur
  • Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar 
  • Brannsikring av tette trehusområde 
  • Bygningar og anlegg i verdsarvområdet 
  • Fartøyvern 
  • Freda kulturminne i privat eige 
  • Freda middelalderhus i privat eige - frå før 1537 
  • Regionale kulturminne og kulturmiljø 
  • Tekniske og industrielle kulturminne 

Årets program vil mellom anna handle om: 

  • Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga 
  • Våre tilskotsordningar i 2024 og 2025 
  • Slik søker du i Regionalforvaltning.no 
  • Kort informasjon om nytt system for søknader

Alle påmeldte vil den 20. september få møteinvitasjon med lenke for digital deltaking.  

Påmeldingsskjema og program finn du her

Følg oss