22. juli-markering i Ørsta

22. juli 2024 kl. 11.30 markerer vi at det er 13 år sidan dei tragiske terrorangrepa mot regjeringskvartalet og Utøya. Vi inviterer til ei minnemarkering for å heidre dei som gjekk bort, vise solidaritet med dei som sit att og for å vise at kampen mot hat og ekstremisme aldri tek slutt.

Markeringa vil finne stad ved minnesmerket i Laguneparken i Ørsta sentrum. Arrangementet vil innehalde appellar frå fungerande ordførar og leiar i AUF Møre og Romsdal. I tillegg vert det helsing og pålegging av krans frå Nasjonal støttegruppe etter 22. juli og det blir diktlesing.

 “22. juli er ein dag vi aldri vil gløyme. Når vi samlast på denne måten minnast vi dei som mista livet og vi viser at det er eit felles ansvar å ta eit oppgjer med ekstreme haldningar, hat og rasisme. Vi må stå saman og vise at samhald og kjærleik står sterkare enn hat”, seier Tove Halse Digernes,  fungerande ordførar i Ørsta.

Program:

·        Velkomen, fungerande ordførar Tove Halse Digernes

·        Appell, leiar i AUF Møre og Romsdal Johannes Walderhaug

·        Helsing og krans frå Nasjonal støttegruppe etter 22. juli, Johannes Walderhaug og leiar i Ørsta arbeiderparti Karen Høydal

·        Appell, fungerande ordførar Tove Halse Digernes

·        Blomar frå Ørsta kommune og diktlesing

 

Du er hjarteleg velkommen til å delta på markeringa!  

22. juli-minnesmerket i Laguneparken

Følg oss