Biblioteket har fleire nyttige tilbod for innvandrarar og framandspråklege. Det er gratis å bruke biblioteket i Noreg. Her kan du få lånekort og låne bøker, filmar, språkkurs, musikk på cd og dataspel.
Sjå meir informasjon under:
Bøker på ditt eget språk
- Ørsta folkebibliotek har bøker på fleire språk enn berre norsk. Vi har flest bøker på engelsk.
- Vi kan òg bestille bøker frå andre norske bibliotek.
- Det flerspråklige bibliotek har størst tilbod, og vanlegvis bestiller vi bøker frå dei. Be om hjelp dersom du vil ha meir informasjon eller ønskjer å bestille bøker.
Språkkurs og lærebøker i norsk
- Biblioteket har språkkurs for deg som vil lære norsk.
- Du kan også få tilgang til norskkurset Min vei.
Lettleste bøker på norsk
- Biblioteket har ei eiga hylle med lettleste bøker for vaksne. Desse bøkene passar godt for dei som held på å lære seg norsk.
- Bøkene har eit enkelt språk, utan for mange vanskelege ord, og med korte setningar og avsnitt.
Lese aviser og tidsskrifter
- Biblioteket abonnerer på fleire aviser. Det er nyttig å lese norske aviser for å bli betre kjent med lokalsamfunnet.
- Klar tale er ei lettlest norsk avis som du kan lese på internett.
- Biblioteket har òg blad/magasin om ulike tema som du kan låne.
Møte andre menneske
Biblioteket er ein hyggeleg stad å vere! Det er gratis å kome på biblioteket, du kan setje deg ned og lese eller kanskje treffe andre som du kan prate med.
Datamaskin/internett
- Biblioteket har åtte datamaskiner som du kan låne gratis.
- Du kan også ta utskrifter.
- Biblioteket har gratis trådlaust nettverk dersom du har med eigen datamaskin eller nettbrett (iPad eller liknande).
Tilbod til born og ungdom
- I biblioteket si borneavdeling finn du mange slags bøker for born og unge frå 0-14 år, biletbøker, eventyrbøker, forteljingar og faktabøker.
- Vi har mange lydbøker (bøker lese inn på cd som du kan høyre på). Mange likar å bruke lydbok og bok samstundes for å trene på norsk.
- Vi har òg dvd-filmar/blu-ray, musikk på cd og dataspel for born.
- Biblioteket har også ei eiga ungdomsavdeling med bøker og lydbøker som passar for ungdom frå 13 år og oppover.
Publisert 13.01.2023 15:24
Sist endra 13.01.2023 15:24