1. Samarbeidsmøte
Leiar ved den tenesta som tek saka vidare til nivå 2 har ansvar for møteinnkalling, møteleiing og skal avklare kven som er referent på første møtet.
Før møtet
Hent inn samtykke frå føresette eller ungdommen og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte. Trykk her for å sjå ei liste over aktuelle samarbeidspartar.
Kvart møte skal ha ein møteleiar og ein referent. Kvart møte skal ha eit kort referat som vert sendt til alle møtedeltakarane.
Barnet/ungdommen si meining om saka og aktuelle tiltak skal leggast vekt på. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i i forkant og i etterkant av møtet om barnet/ungdommen deltek eller ikkje.
Samarbeidsmøte
Mål for møtet: At barnet/ungdommmen/føresette og involverte tenester koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsettingar og er kjent med kvarandre sin innsats.
Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen i lag med barnet/ungdommen/føresette. Avgjer kven som har ansvar for vidare oppfølging og ansvar for møteinnkalling, møteleiing og referat.
Når saka er presentert for dei som deltek på samarbeidsmøte, er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak.
Dokumenter tiltaka i eigne fagsystem for kvar teneste. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak og evalueringa av tiltaka.
Referat frå møtet skal delast med alle deltakarar.
Til slutt i samarbeidsmøte avtalar de tidspunkt for evalueringsmøte.
Verktøy
Samtykke til samhandling (PDF, 2 MB)
Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 142 kB)