Kva er Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) ?

Kva er Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) ?

BTI er Ørsta kommune sin modell for tverrfagleg samhandling. Formålet med modellen er å bidra til tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad. 

Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien eller miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skapar utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle i å oppdage og følge opp.

 

Samordning av teneste handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandling mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga. 

Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, barn, unge og deira foreldre vert involvert i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine barn. Brukarane skal oppleve kommunens tenester som oversiktelege.  

Samhandlingsmodellen i BTI består av:

  • Grunnmodell på fire ulike nivå
  • Handlingsrettleiar
  • Verktøy
  • Tilsette sin kompetanse

 

Grunnmodellen i BTI består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå beskriv gangen i arbeidet med å avklare uro og iverksetting av tiltak i og mellom tenestene. Brikkene i figuren symbolisera nivåa og tal på tenester som involverast. Dei ulike nivåa vert knytt saman av den loddrette brikka som strekker seg mellom nivåa. Denne symbolisera stafetthaldaren og stafettloggen, som strekker seg mellom nivåa og skal sikre heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga. 

Nivå 0: Oppdage og utforske (Her avklarar vi om det er grunn til uro)

Nivå 1: Vidare oppfølging (Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste)

Nivå 2: Samarbeid med fleire (Beskriv enkel tverrfaglig samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester)

Nivå 3: Langvarig koordinert samarbeid (Beskriv meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester)

Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med barn, unge eller familiar ein er uroa for. Den har som formål å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og beskrive gangen i arbeidet. Ørsta kommune sin handlingsrettleiar finn du her

Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der ulike verktøy som skal være til hjelp for den enkelte tilsett, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Ørsta kommune ligg her.

Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finnast ein bestemt kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestane, slik som modellen beskriv. Vi snakkar her om to typar kompetanse.

Den eine dreier seg om å forstå og kunne bruke BTI.

Den andre om å være i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å bli oppmerksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følge opp og å være i stand til å ta i bruk eigen eller andre tenesters innsatsar. 

Her Kan du lese meir om BTI.