Kommunalt nivå
I tverrfagleg leiargruppe vert alle tiltak og prosjekt jamleg evaluert. Dersom behov kan også tiltak og prosjekt løftast opp på møte med leiargruppa i kommunen.
Tverrfagleg leiargruppe er også styringsgruppa til BTI arbeidet i kommunen og dei som har ansvar for jamleg evaluering av arbeidet.
Einingsnivå
Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge vert jamleg evaluert i alle einingar i deira interne møter.
Individnivå
BTI arbeidet i Ørsta og modellen som er utarbeida skal evaluerast jamleg. Det er sett ned ei gruppe på to personar som skal arbeide med å vedlikehalde, oppdatere og evaluere denne. Det er laga eit årshjul for korleis og når dette arbeidet skal gjennomførast.