Foreldrestøttande tiltak

Foreldrestøttande tiltak

Ørsta kommune tilbyr ulike formar for foreldrestøttande tiltak. Foreldrestøttande tiltak tek sikte på å støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. I samarbeid med foreldre finn vi ut kva tilbod som er best egna for deira situasjon. Foreldrestøttande tiltak kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjonar.

Foreldrestøttande tiltak kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

Under finn du ei oversikt over ulike former for foreldrestøttande tiltak som vert tilbydd i Ørsta kommune.

Spedbarn 0-12 månader

Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Føresette kan også ta kontakt sjølv ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe. Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om: 

  • Heimebesøk til nyfødde 

  • Ammerettleiing 

  • Hjelp ved barseldepresjon 

  • Regelmessig helseundersøking av barnet hjå helsesjukepleiar og lege 

  • Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og psykososialt) 

  • Rettleiing og rådgiving mellom anna om søvn, ernæring, tannhelse, samspel og åtferd hos barnet 

  • Ulykkesførebygging 

  • Vaksinasjon av barnet i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet 

  • Tilvising til andre kommunale tenester eller spesialistar ved behov 

  • Fysioterapeut er med på 4-mnd. kontroll i gruppe ilag med helsesjukepleiar 

Trykk her for meir informasjon

Barn 1-5 år

Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldra har plikt å bidra til at barnet deltek på helsekontrollar. Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging. Føresette kan også ta kontakt sjølv, ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe. Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om: 

  • Regelmessig helseundersøking av barnet hjå helsesjukepleiar og/eller lege 

  • Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og psykososialt) 

  • Rettleiing og rådgiving om mellom anna søvn, ernæring, tannhelse, ulykkesførebygging, samspel og åtferd hos barnet 

  • Foreldrerettleiing 

  • Vaksinasjon av barnet i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet 

  • Tilvising til andre kommunale tenester eller spesialistar ved behov 

Trykk her for meir informasjon

Gravid

Er du gravid har du tilbod om svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse.

Tilbodet er gratis.

Fyrste svangerskapskontroll skjer normalt i veke 6-12. Vi oppmodar om at du tek kontakt for å bestille time så snart du veit at du er gravid.

Fysioterapeut har kompetanse på kvinnehelse og graviditet. Om ein kjenner behov for råd, rettleiing og/eller behandling, kan ein ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. Du betalar eigenandel opptil frikortgrensa om du går til ein fysioterapeut med driftsavtale eller til ein kommunal fysioterapeut.

Trykk her for meir informasjon

Fødsel- og foreldreførebuande kurs

Fødsel- og foreldreførebuande kurs er eit kurs for dei som skal bli foreldre.

Hovudmålet med kurset er at dei som skal bli foreldre skal få auka kunnskap og tryggleik kring fødselen og foreldrerolla. Når den gravide føler seg trygg, taklar ho fødselssmerter betre og det gir også paret tryggleik når de veit meir om kva dei har i vente. Slike kurs er gode forum for å ta opp ulike spørsmål i forbindelse med svangerskap, fødsel og tida etterpå. Det kan også vere eit sted å treffe andre i same situasjon og kjenne på fellesskap og samhørigheit.

Kurset er eit tilbod til førstegongs foreldre og er gratis. Ta kontakt med helsestasjonen/ jordmor for meir informasjon om fødsel- og foreldreførebuande kurs.

Fysioterapi 0-16 år

Born 0-16 år er gratis. Du kan som foreldre ta direkte kontakt med tenesta om du er usikker på motorikk og motorisk utvikling.  Fysioterapeut kan bistå med undersøking og rettleiing og der det er nødvendig sette inn individuelle tiltak. Du kan også få time til konsultasjon for born 0-5 år gjennom Helsestasjonen.  

Fysioterapeut er også med på 4-mnd. gruppe på Helsestasjonen. 

Trykk her for meir informasjon

Foreldrenettverk for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Målet for nettverket er å skape ein møteplass for foreldre som har barn som bruker alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). 

Innkallingar blir sendt ut gjennom barnehagar og skular til føresette.

Koordinator for nettverket er Irene Yksnøy Lianes.

Foreldremøte barnehage

Barnehagen skal i starten av kvart barnehageår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om: 

  • kort informasjon om styringsverktøy i barnehagen ; lov om barnehage, rammeplan, lokal rammeplan, årsplan, og vedtekter som gjeld for drifta
  • barnehagen/avdelinga/personalet
  • rutine, gruppedeling og dagsrytme
  • kosthald
  • samarbeid med foreldra, informasjon om Vigilo, jf. Ørsta Kommune si heimeside

 

Ansvar for organisering av foreldremøte varierer frå barnehage til barnehage

  • Styrar har ansvar for felles foreldremøte
  • Avdelingsvise foreldremøte har pedagogisk leiar ansvar for
Foreldremøte grunnskule

Skulen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

Skulen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om:

  • skulen
  • innhaldet i opplæringa
  • medverkinga til foreldra
  • rutinar
  • anna som er relevant for foreldra. 

Den enkelte kontaktlærar kallar inn og held foreldremøte for foreldra i si klasse.

Utviklingssamtale barnehage

Alle foreldre har behov for informasjon om barnet si utvikling, og få vite at dei har det godt den tiden dei er i barnehagen.

Ørsta barnehagen tilbyr derfor foreldre minst ein samtale med barnehagen i løpet av eit barnehageår.

Utviklingssamtalen i barnehagen er ein fortruleg samtale mellom foreldre og barnehagepersonalet. Her kan ein få verdifull innsikt om barnet si utvikling og trivsel.

Utviklingssamtale grunnskule

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga.

I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven.

Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.

Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.

Kontaktlærar i den enkelte klasse kallar inn til utviklingssamtale. 

Innskriving grunnskule(oppstartssamtale)

Ein samtale med barnet som skal byrje i 1.klasse. Samtalen gjennomførtast på vinteren/våren same året som barnet skal byrje på skule.

De kan forvente at barnet får desse spørsmåla:

  • Kva heiter du?
  • Kor gamal er du? (Gjerne vise med fingrane).
  • Går du i barnehage? Kva heiter barnehagen? Kva avdeling?
  • Kva likar du å leike med?
  • Er det noko du har lyst å spørje om?
  • Kva gler du deg til med å byrje i 1.klasse?
  • Kven leikar du med?
  • Kjenner du andre som skal begynne på skulen?
Kommunepsykolog

Kommunepsykologen tilbyr helsehjelp til barn og unge i alderen 0 – 18 år og deira familiar. Personar som ikkje har tilgang/rett til anna helsehjelp vil bli prioritert. Kommunepsykologen skal også konsultere og rettleie tilsette som arbeider med unge vaksne som har vanskar knytt psykisk helse. 

Ved tidleg innsats ynskjer kommunen å førebygge psykiske lidingar. 

Du kan ta direkte kontakt med kommunepsykologen via helsestasjonen eller med leiinga på skulen, helsesjukepleiar eller fastlege. 

Trykk her for meir informasjon

Tryggleikssirkelen - “COS-kurs" for foreldre

Helsestasjonen tilbyr veiledningskurset Circle of Security (COS) - tryggleikssirkelen, som gir foreldre verktøy til å betre forstå kva behov born har, kva slags signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Det er COS-kurs kvart år i Ørsta som ein kan melde seg på. Kurset går over sju samlingar på to timar kvar gong. Det er ønskeleg at begge foreldra deltek.

Ta kontakt med Helsestasjonen om du ønsker å delta på kurs.

Trykk her for meir informasjon