Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Barn/elevar som ikkje har, eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehage-/skuletilbodet, har rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Før eininga kan fatte enkeltvedtak, skal det føreligge ei sakkunnig vurdering utarbeidd av PPT.
PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Målet er at alle skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
PPT har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Tenesta skal vere til hjelp i barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.
Trykk her for meir informasjon