Det vert arrangert leiarsamling for alle leiarar (med fullt økonomi og personalansvar) minimum to gongar per år. Det vert veksla mellom å ha interne samlingar og samlingar der dei hentar inn ekstern kompetanse. Dei interne samlingane vert gjerne brukt til informasjon frå eigne einingar om til dømes økonomi, personalarbeid, innkjøp, digitalisering, personvern, arkiv etc. I periodar vert det nytta eksterne konsulentar med meir formell leiaropplæring og ved oppfølging av eksterne rapportar om drift og organisering.
Leiarsamlingane er ein arena der leiarane møter kvarandre på tvers av etatar og einingar. Arenaen vert brukt til kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar og felles forståing av kva som vert forventa av ein leiar i Ørsta kommune.