Brannarkiv

Brannarkiv

Saksbehandling skjer i Acos WebSak og er fullelektronisk.

I tillegg nyttar feiarane KomTek brannforebygging til brannforebyggande tiltak. KomTek brannforebygging er integrert mot WebSak for arkivering av arkivverdig dokumentasjon. 

Ei saksmappe pr tiltak

Tittel - Kva - kvar - gnr xx bnr yy
Arkivdel - BRANN - Brannarkiv
Sakstype - BR og BF
Klassering - gnr/bnr 
Tilgangskode - ingen

Innhald i arkivdel

Feiarane nyttar KomTek brannforebygging til brannforebyggande tiltak. Dokument produsert her vert overført til WebSak, arkivdel Brann med sakstype BF. Desse vert ikkje publisert på innsynsløyvinga.

Andre saker innan brann vert saksbehandla og arkivert i WebSak med sakstype BR - desse vert publisert på innsynsløysinga vår.

Saker i arkivdelen:

  • Tilsynssaker
  • Bålbrenning
  • Brannførebygging
  •  
Tilgang til arkivdel

Saksbehandlarar på brannavdelinga, seksjonsleiar tekniske tenester og arkiv har tilgang til arkivdelen. I tillegg vert enkelte sakshandsamarar gitt tilgang ved behov.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Stort sett offentleg, enkeltdokument må unntakast offentleg innsyn
Lovheimel: UO - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til mappa.
Integritet: Sakene, om dei er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.