Revisor kan etter kommuneloven § 24-2 krevje innsyn i dei opplysningane dei ynskjer hjå kommunen.
Revisor skal ha tilgang til dei dokument og opplysningar som han eller ho meiner er nødvendig for å kunne utføre arbeidet sitt, men det inneber ikkje ein generell innsynsrett i datasystema til kommunen.
Tilgang til arkiv- eller fagsystem:
- Den som ber om innsyn, skal be om det skrifteleg. Innsynskravet vert arkivert i arkivsystem.
- Den som ber om innsyn skal få skrifteleg svar om tilgang og avgrensingar i tilgangen.
- Den som får innsyn skal signere teiepliktskjema og sikkerheitsinstruks brukar, skal arkiverast i arkivsystem.
- Det skal opprettast eiga rolle for revisor. Det må opplysast om ev. logging av aktivitet i systemet.
- Den som skal ha tilgang skal ha opplæring i systemet. Dersom slik opplæring er blitt gitt i ei anna kommune, skal det opplysast i kva kommune opplæringa er gitt og kven som ga opplæringa