Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonen og til å førebyggje behov for andre tenester. Dette er eit varslingssystem der brukar kan tilkalle hjelp ved fall eller andre ulukker. Det er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen.

Tildeling av tryggheitsalarm vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonivå, der det vert lagt vesentleg vekt på evne til å ivareta eigenomsorg. 

Søknadsskjema Helse- og omsorgsteneste

Satsar og gebyr


Kriterier for tildeling av tryggleiksalarm:

  • Søkjar må av helsemessige årsaker ha høg risiko for fall/skade seg og som følgje av dette vere ute av stand til å tilkalle hjelp pr. telefon/mobiltelefon
  • Kronisk sjukdom som hindrar deg i å bruke vanlege telefon eller mobiltelefon
  • Høg alder/bur åleine
  • Bur i ueigna bustad

Ved aktivering av alarmen vert kommunal vaktteneste varsla. Vakttenesta vil formidle kontakt vidare til dei som er oppført på varslingslista.