Ørsta kommune har saman med dei andre kommunene på Søre Sunnmøre slutta seg til ordninga med miljøfyrtårnsertifisering. Miljøfyrtårn er ei nasjonalt annerkjent ordning for miljøsertifisering av små og mellomstore bedrifter der føremålet er å styrkje miljøarbeidet. Sertifiserte bedrifter kan nytte sertifikatet til markedsføring av seg og sine produkt/tjenester.
Ørsta kommune sin klimaplan er det konkrete målsetjingar om fleire slik sertifiseringar av både kommunale einingar og private verksemder. Ta kontakt med miljøvernrådgjevar eller stiftinga Ørsta næringskontor for meir informasjon.