Arkivet etter Grepa og Mjelva Fabrikker er pakka og levert til Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal

Bilder viser ein plakat: ei snakkeboble med teksten "Mamma - hva betyr Grepa?" - Klikk for stort bileteReklameplakat for Grepa. Åsta Vadset / IKAMR

Ørsta kommune har i fleire tiår tatt imot arkivmateriell frå frivillige lag og organisasjonar i kommunen. 

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) er eit eige selskap som vart starta i 2000, og er eigd av fylkeskommunen, kommunane i Møre og Romsdal og Rindal i Trøndelag. Hovudkontoret er i Ålesund sentrum. IKAMR jobbar med problemstillingar knytt til kommunane si dokumenthandtering, og har m.a. fylkeskommunal teneste for privatarkivordning.

I år har Ørsta kommune meldt seg inn i denne privatarkivordninga. Avslutta arkiv vert derfor denne veka overført til forvaring ved IKAMR i Ålesund.

Eit arkiv som har stor verdi er Grepa og Mjelva Fabrikker. Bedrifta var ein viktig arbeidsplass i Ørsta frå 1929 til 2008, og produserte komfyrar, omnar, barnevogner, dokkevogner og trøbilar. Fabrikken sette sitt preg på samfunnet både lokalt og regionalt. Og produkta er vide kjende for folk langt utanfor vårt fylke. Etter omdømet laga «Grepa» både tidsmessige og solide produkt. Ein Grepa-komfyr var usliteleg, vart det sagt, og den gjekk gjerne i arv.

Foto av ein gut i ei barnevogn og to unge jenter som står ved siden av. Med teksten "Prinsessene er ute og triller Prins Harald våren 1937. Foto: Abels Kunstforlag – 1937. - Klikk for stort bileteFoto med teksten "Prinsessene er ute og triller Prins Harald våren 1937. Foto: Abels Kunstforlag – 1937. May-Britt Brenne / Ørsta kommune

Kartlegging i bevaringsplanarbeidet til IKAMR synte at innan kategorien «Elektriske, elektroniske og optiske produkt» er det ført opp fire produsentar av bokverket Det norske næringsliv Møre og Romsdal (1953). Av desse var Grepa og Mjelva Fabrikker i Ørsta og Møre transformatorfabrikk i Sykkylven dei største.

I bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal er dette bedriftsarkivet eit prioritert tiltak. Bevaringsplan privatarkiv Møre og Romsdal 2024–27 (ikamr.no).

Reklameplakat for Grepa komfyrer. - Klikk for stort bileteReklameplakat for Grepa komfyrer. Åsta Vadset / IKAMR Arkivet blir lasta på bli og kjørt til Ålesund. - Klikk for stort bileteArkivet blir lasta på bli og kjørt til Ålesund. May-Britt Brenne / Ørsta kommune

Småjobbsentralen har lasta, transportert og levert arkivet. Når arkivet kjem til IKAMR er planen at dei søkje om arkivutviklingsmidlar for å ordne, registrere og formidle arkivet.

IKA MR oppmoder folk til å levere inn arkiv etter Grepa og Mjelva Fabrikker til Ørsta kommune slik at dette kan bli levert til IKAMR og bli ein del av bedriftsarkivet. 

– Åsta Vadset, IKAMR og Ingvild Endal, Ørsta kommune.

Plakat for Grepa barnevogner. - Klikk for stort biletePlakat for Grepa barnevogner. Ingvild Endal / Ørsta kommune Foto med teksten: "Kong Harald sin første bil. Skaugum 1940. Foto: Prins av Norge - Nasjonalhjelpen 1947. - Klikk for stort bileteFoto med teksten: "Kong Harald sin første bil. Skaugum 1940. Foto: Prins av Norge - Nasjonalhjelpen 1947. May-Britt Brenne / Ørsta kommune Teikning av "Bil nr. 7" Ingvild Endal / Ørsta kommune Eit brev datert 6. oktober 1971 frå kommandør Stein Evju der H. K. H. Kronprins Harald og H. K. H. Kronprinsesse Sonja takkar for «den særdeles nydelige barnevogn» til Prinsesse Martha Louise. - Klikk for stort bileteEit brev datert 6. oktober 1971 frå kommandør Stein Evju der H. K. H. Kronprins Harald og H. K. H. Kronprinsesse Sonja takkar for «den særdeles nydelige barnevogn» til Prinsesse Martha Louise. May-Britt Brenne / Ørsta kommune Arkiv levert i Ålesund. - Klikk for stort bileteArkiv levert i Ålesund. Åsta Vadset / IKAMR

Følg oss