Området som no vert opna er den delen som ligg nærast elva/E39, og omfattar vollen med akebakke, sklier slengtau, “klatre-ur” og zip-line. I tillegg vert “leikeskogen” opna att.
Ein del av plenareala er inntil vidare sperra av. Desse areala treng framleis noko tid før dei toler bruk og sperringane vil verte fjerna så snart dei er klare.
Den øvre delen
Arbeidet med den øvre delen av uteområdet går for fult, og målet er at også dette skal vere klart før vinteren kjem. Vi ber alle om å vise omsyn til anleggsarbeidet, og minner om at det er forbode å opphalde seg inne på anleggsområdet utan løyve.
Matias Kårstad / Ørsta kommune