«Dere har indrefilet på indrefilet»

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Onsdag fikk Ørsta kommune besøk av Forum for stedsutvikling som har lagt samlinga si til Møre og Romsdal. Fylkeskommunen er arrangør i vårt fylke, og då er det ekstra kjekt at Ørsta vert besøkt på bakgrunn av den bevisste satsinga på sentrumsutvikling dei seinare åra. 

Deltakarane i dette forumet består av fagfolk som jobbar med stadutvikling på regionalt og nasjonalt nivå. Det er representantar frå KDD (planavdelinga, regionalpilotisk avdeling), Klima- og miljødepartementet(KLD), DOGA (Design og arkitektur Norge, Distriktssenteret), Riksantikvaren, Helsedirektoratet, Statens vegvesen, og 1-2 representantar frå kvar fylkeskommune.

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Besøkte Sæbø og sentrum

Deltakarane har vore på Sæbø og starta samlinga si på hotell Sagafjord tysdag. Onsdag morgen ønska ordførar Per Are Sørheim, Wenche Solheim, Eldar Øye, Matias Kårstad og Johnny Saure Riise forumet velkomen i Ørstahallen der dei vart presenterte den målretta satsinga for sentrumsutviklinga frå Europlan og utviklingsplan, via områdeplan for Ørsta sentrum til realisering. 

Kommunen la vekt på samanhengen mellom grunnlagsarbeidet som er gjort, overordna plan for sentrum og Hovdebygda og reguleringsplanen for sentrum, og at dette gjev ein heilskap og langsiktig strategi for sentrumsarbeidet vårt. Etter eit innblikk i prosessane gjekk vegen vidare på ei vandring gjennom sentrum for å vise fleire av dei gjennomførte, og nokon av dei planlagde prosjekta.  

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Vi viste stolt fram:

  • Ørstahallen med aktivitetsparken
  • Ungdomskulen med ny fløy
  • Ny Velle skule
  • Ny buss- og taxihaldeplass
  • Tussaparken
  • Svendsengarden
  • Vikegata
  • Fontena

I tillegg blei fleire komande, men foreløpig urealiserte prosjekter, presentert når område blei passert. Som symjehall, ny vidaregåande skule og kulturhus (ØKKS), Marina terrasse, utviding av Alti, Ørsta brygge, Havtor Hovden-plass og sjøpromenaden, m.fl.

Undervegs vart det stilt mange spørsmål frå deltakarane i forumet, og kommunen hausta mange lovord, i tillegg til eit kjekt sitat: «Dere har indrefilet på indrefilet».

Kommunen takkar forumet for at dei valde å besøke Ørsta grunna si målretta satsing og som ein føregangskommune gjeldande sentrumsutvikling.

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Følg oss