Ei god jul på Søre Sunnmøre

Frivilligsentralane på Søre Sunnmøre har fått tilskot på tilsaman 1 500 000 kr frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. 

Visjonen til stiftinga er Saman skaper vi engasjerte lokalsamfunn og det er veldig kjekt å kunne være med å bidra til dette gode formålet, seier styreformann Arild Hatløy i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

 

Ørsta sin del er på 275 000 kr og går til matkasser, matkort og julefeiring.

«I tider der familieøkonomien har vorte stadig meir pressa for mange, er det ekstra viktig med lågterskel tilbod som bidreg til mindre forskjell. Ved at frivilligsentralane breitt i kommunane med både det offentlege og det private, samt lag og organisasjonar når vi langt og til mange», fortel leiar for Ørsta frivilligsentral Rebecca Riise Bjerknes.

Prosjektet

Prosjektet “Ei god jul på Søre Sunnmøre” har som mål å skape ei betre julefeiring for dei som treng det mest. Fleire av frivilligsentralane samarbeidar med lag og organisasjonar og/eller har eigne arrangement i julehøgtida. Dette er viktig, då jula kan vere einsam og ekstra vanskeleg.

Kommunane Ørsta, Volda og Herøy samarbeidar med frivillige lag og organisasjonar og støttar disse i arbeidet deira med matkasser. Ei matkasse innheld også julegåver til borna.

Frivilligsentralane i Ulstein, Hareid, Sande og Vanylven deler ut matkasser. I fjor fekk over 350 hushaldningar matkasser frå desse sentralane. 

"Prosjektet Ei god jul på Søre Sunnmøre er eit viktig og flott tiltak som frivilligsentralane står for. De gjer ei forskjell og de legg ned mykje godt arbeid som bidreg til ei betre julefeiring for dei som treng det. De er ein viktig ressurs i lokalsamfunnet og kjekt å samarbeide med dykk, "seier Arne Lothe dageleg leiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Bak f.v.: Arne Lothe dagleg leiar i Sparebankstiftinga, Britt Paulsen dagleg leiar Herøy, Inger Anne Dimmen dagleg leiar Ulstein, Ann Kristin Brekke Oksavik dagleg leiar Sande, Arild Hatløy styreleiar i Sparebankstiftinga. Framme f.v.: Heidi Kvalsvik dagleg leiar Hareid, Kristine Sofie Orheim Hansen dagleg leiar Hornindal frivilligsentral og Rebecca Riise Bjerknes. Ikkje til stades: Astrid Gjersdal Volda frivilligsentral og Randi Iren Helgøy Vanylven frivilligsentral.

Følg oss