Elevane si opning av nye Sæbø skule
Siv Katrin Wangen
Torsdag 27. oktober vart det holdt ei uoffesiell opning av nye Sæbø skule for elevane.
Elevrådet klipte snor og heldt tale, og elevar frå 9. klasse song Bondalssongen av full hals. Ordføraren besøkte skulen for å vere med å gjere stas på elevane si opning. Etter taler og song var det klart for kakefest, der 10. klasse serverte marsipankake og sjølvlaga sjokoladekake til heile skulen.
Offisiell opning vert først i mars/april når heile prosjektet er ferdigstilt.
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Publisert 04.11.2022 10:38