Endring i varslingsystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS

Illustrasjonsfoto. Unsplash

Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS har gjort vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse ev. skal overførast til sivilforsvaret. 

Dette vil skje frå månadsskiftet mai/juni, skriv ÅTB IKS styret i ei pressemelding.

Grunnlag for at varsling med tyfon går ut, er at 110-sentralen skal gå over til nyare datasystem, og dagens tyfonar er ikkje tilpassa dette systemet.

Ved nedlegging av tyfonvarsling, vert ikkje sikkerheita for bebuarane i området svekka. Kommunane har eit påliteleg SMS-varslingssystem som dekker heile området, i tillegg til at det er innført eit nytt nasjonalt varslingssystem (Nødvarsel) som dekker heile området.

Det vil såleis framleis vere eit godt og sikkert varslingssystem i området.

Følg oss