Endringar i 17-mai programmet for sentrum

Folketoget i gågata 17. mai 2024. Ingvild Marie Taraldset

17. mai-komiteen for Ørsta sentrum har hatt møte om å finne ein ny modell for arrangering av 17. mai-feiring i Ørsta sentrum.

Møtet fant stad i slutten av januar. Tilstades var representatnar frå FAU ved Velle skule, Vikemarka skule og Ørsta ungdomsskule. Ein representant kvar frå Ørsta sokneråd og Ørsta hornmusikk. To representantar frå levekårsutvalet og frå kommunen stilte Kari Flø, kommunalsjef Oppvekst, kultur og inkludering, og Rebecca Riise Bjerknes, leiar frivilligsentralen.

17. mai er ein viktig dag der vi kler oss i fine klede, stryk flagget og feirar Noreg si grunnlov og at vi er ein sjølvstendig nasjon. 17. mai-tog og særleg barnetoget er ein viktig del av markeringa. I prosessen med å finne ein ny modell for arrangering av 17. mai-feiring i Ørsta sentrum  har vi lagt vekt på at det viktigaste er barnetoget og markeringa på kyrkjebakken. Utover dette var målsettinga å sjå kva som let seg gjennomføre.

Komiteen har også bestemt at dei vil prøve ut nokre endringar i tidsskjemaet som no vil bli meir komprimert.

Flyttar oppstartstida for barnetoget

I ope møte kom det fram eit sterkt ønskje om å flytte på tidspunktet for avgangen til barnetoget. Dette vart drøfta i 17. mai komiteen og vi vart samde om at 17. mai 2025, startar barnetoget å gå frå Ørsta stadion kl. 10.00. Det betyr at markeringa på kyrkjebakken med påfølgande gudsteneste blir flytta ein halvtime.  Komiteen håper dette kan gi barnefamiliane eit lite pusterom 17. mai om morgonen.

Vi diskuterte også om det er rett å slå saman barnetoget og folketoget til eitt tog. Komiteen meiner at dette vil vere uheldig fordi det er viktig at frivillige lag og organisasjonar får høve til å vise seg fram med sine medlemmar. Barna kan ikkje gå både i lag med klassa si og i lag med fritidsaktiviteten sin samtidig.

Alle er velkomne til leikar og kafé på Velle skule

FAU ved Velle skule har lang tradisjon for å arrangere 17. mai-feiring ved skulen. I samband med nybygget er også uteområdet er oppgradert med flotte leikeareal. Alle som vil er velkomne til å leikar på skulen, og det blir moglegheit for å kjøpe noko i 17.mai-kafeen.

Folkefesten er flytta til tida før folketoget

Levekårsutvalet får ansvaret for programmet til folkefesten. Vi ønskjer å prøve ein modell der folkefesten varer frå kl.14.00–14.45.

Komiteen håper at nokon vil ta på seg å arrangere kiosk/matsal på kulturhuset, og kjem til å sende ut ei oppmoding til frivillige lag og organisasjonar.

Følg oss