Folkemøte Ørsta Rådhus for oppsitjarar Melsvegen og Smådalane - måndag 15. november
Møre-Nytt
Grunna uro kring til trafikktilhøva som vert når Smådalane opna, inviterar Ørsta kommune til eit folkemøte der det er rom for ytring og informasjon.
- Det er gjennomført fartsmåling og trafikktelling på eit avgrensa område for å danne seg grunnlag for vidare handsaming.
- Ørsta kommune vil orientere om kva tiltak som er gjennomførte, og korleis ein ser for seg vidare handsaming.
- Orientering kring Smådalane, og korleis vegmønsteret ser ut no og korleis det er tenkt framover.
- Vidare vil det verte orientert om kva målingane av trafikk gjev av svar, og eventuelt om det skal gjennomførast tiltak og kva tiltak eventuelt.
Det vert opna for å kome med innspel til denne konkrete saka.
Folkemøte skal danne grunnlag for kommunikasjon og informasjon mellom partane for å danne eit best mogleg slutningsgrunnlag i vidare handsaming.
Vel møtt!
Møte vert i kommunestyresalen på Ørsta rådhus måndag 15. november - inngang på oppsida (mot kulturhuset)
Orientering frå klokka 18:30 – 19:00
Ope for meiningar og innspel 19:00- 19:30
Publisert av Øyvind Rødset
Sist endra 11.11.2021 10:46