Tysdag 11. juni kl. 12.30–14.30 på Ørsta stadion/Ørstahallen.
Alle leikane er tilpassa slik at både born, ungdomar og godt vaksne skal ha sjansen til å gjennomføre. Det vert 5 ulike postar med ulike leikar.
Program
12.30 Vel møtt. Velkommen ved varaordførar Tove Halse Digernes
12.40 Vi dansar oss varme
12.45 Leikane startar. Det blir ulike postar med oppgåver som skal vere moglege for alle
13.45 Den kjekke gjengen frå Ørsta Røde kors omsorg står for servering i kiosken.
14.30 Takk for i dag og vel heim
GRATIS SAFTIS til alle born som deltek.
Sterk og stødig flytta til Ørstahallen
Kosekroken og Sterk og stødig sentrum vert flytta til Ørstahallen i samband med generasjonsleikane 11. juni og startar kl. 11.30.
Det vert ei stor Sterk og stødig gruppe med stolar og som vanleg ei gruppe rundt bord for dei som treng meir støtte.
Etter Sterk og stødig vert det arrangert generasjonsleikar med kjapp felles oppvarming og deretter 5 postar med kjekke aktivitetar for born og pensjonistar.
For skyss i sentrumsområdet, ring 47 60 06 67.
18. juni er Sterk og stødig og Kosekroken som vanleg ved Røde kors, dette vert siste gong før sommaren i sentrum.
Kom og bli med, dette vert kjekt!