At oppmøte var så stort- og det at dei representerte så mange faginstansar frå fleire kommunar var spesielt gledeleg, fortel prosjektleiar i NAV Iselin Eliassen Aske. Det visar også at temaet er høgaktuelt og viktig.
Æreskultur og æreskriminalitet er ikkje eit fenomen berre i store byar, men også i distrikta. Dette er spesielt utbredt blant familiar frå kollektivistiske samfunn, men æreskulturen lever i beste velgående også innenfor etnisk norske religiøse miljøer, her dei meir lukka trussamfunn. Problemet er mykje meir utbreidd enn det dei fleste av oss trur. Kunnskapen om temaet er for dårleg, og vi har ikkje hatt desse brillene på i møte med menneska vi fagpersonar følgjer opp i hjelpeapparatet.
Det blei sagt at det samtidig ikkje er noko koordinert arbeid i kommunane her. Det er naturleg å tenke at svært mange av dei som blir utsette for- og lever i familiar med æreskultur, er brukarar i NAV. Det er derfor viktig å tenke NAV som ein viktig samarbeidspart i saker ved bekymring/mistanke og avdekt æreskultur.
Vi som arbeider i politiet, NAV, helsestasjon, vaksenopplæringa eller med barn og unge i skule og barnehage må tenke at nokon av dei menneska vi møter kan vere utsett for æreskriminalitet. Vi må ha meir kunnskap om æreskultur og vi må koordinere tenestene våre.
Målet med seminaret var å gje frammøtte kunnskap som aukar medvitet i brukarmøte, og også nokre verktøy for kartlegging og avverging. Tilbakemeldingane så langt er at vi lykkast med dette, fortel Iselin, og for at vi skal nyttiggjere oss av dette må vi også ta det i bruk framover.
Wenche Solheim / Ørsta kommune