Etter grundig planlegging og nøye kontroll har vi redusert bruken av klor til omtrent ein fjerdedel av det vi vanlegvis doserer, som er eit minimum. Vi har alltid hatt fokus på trygt vatn, både når det gjeld bakteriar og grenseverdiar for klorinnhald.
Frå Høgebrua tek vatnet fleire dagar å nå den siste tanken på Bondalseidet. Reduksjonen av klormengda har derfor teke tid for å unngå vekst av nye bakteriar.
Årsaka til problemet er ikkje heilt klart enno, men det kan vera på grunn av feilkopling (innsug frå privat brønn) eller tilbakeslag frå næring. Om til dømes alle gardsbruk har montert tilbakeslagsventil og eventuelt brutt- vannspeil mot område som har slike krav. Dette er eit pågåande arbeid der kommunen vil sende spørsmål til gardsbruk og andre næringar i området.
Vi sjekkar også vårt eige nett for å sjå om det er feil som kan føre til innsug ved start av pumpa, men så langt har vi ikkje funne noko.
Vi beklagar sjølvsagt at abonnentar opplever dårleg kvalitet på vatnet, men tryggleiken er det viktigaste. Vi jobbar for å løysa problemet så fort som mogleg.