KOMMUNEREFORM – FELLES INTENSJONSPLAN MED VOLDA OG INNBYGGJARUNDERSØKING

Kommunereform - wordle.jpg

I møte 11. juni i år handsama kommunestyret sak om status og vidare prosess i kommunereformarbeidet. Om Ørsta skal halde fram som eiga kommune eller slå seg saman i ny og større kommune, skal kommunestyret ta endeleg stilling til i juni 2016. 

Felles intensjonsplan med Volda om samanslåing

Kommunestyret fatta vedtak om felles intensjonsplan med Volda om vidare arbeid med kommunereforma. Erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar rår til at det vert utarbeidd intensjonsplan mellom kommunar som planlegg å slå seg saman.

Intensjonsplan kan innehalde m.a.

-           Kva ein vil oppnå med kommunesamanslåinga (hovudmål og delmål)

-           Om det t.d. er konkrete prosjekt ein vil bruke reforma til å lyfte i lag

-           Kvar kommunesenteret skal vere og fordeling av lokalisering av ulike kommunale funksjonar

-           Korleis lokalsamfunnet kan styrkast

-           Korleis kommunale tenestefunksjonar kan styrkast

-           Korleis tilsette skal informerast og involverast i prosessen

-           Korleis innbyggjarane skal informerast og involverast

-           Ev. avklaring av kommunenamn og kommunevåpen

-           Framdriftsplan for gjennomføring av samanslåing

 

Intensjonsplan er viktig for å tydeleggjere frå politisk hald kvifor ein ynskjer samanslåing, og kva ein vil oppnå med dette.

Utarbeiding av felles intensjonsplan føreset at Volda kommune sluttar seg til å samarbeide om utarbeiding av felles plan.

Lokal innbyggjarundersøking

Kommunestyre fatta vidare vedtak om at det skal gjennomførast ei lokal innbyggjarundersøking snarast råd, der også Volda vert invitert til å delta. Gjennom undersøkinga vil ein spørje innbyggjarane om kva reformalternativ ein bør arbeide vidare med fram mot folkeavrøystinga våren 2016. Den vil gje ein peikepinn på om Ørsta bør arbeide vidare med ei samanslåing med Volda kommune eller heilt andre alternativ, eller om ein bør halde fram åleine som eiga kommune. Resultat frå lokal innbyggjarundersøking kan vere klart før ferien.

Vidare prosess

I regi av Sunnmøre Regionråd vert det gjennomført ytterlegare ei innbyggjarundersøking om kommunereforma, i løpet av oktober/november i år.

Rådgjevande folkeavrøysting vert om framforhandla alternativ og er tidfest til våren 2016.

Kommunestyret sitt vedtak

1: Kommunestyret tek til vitende orientering i saksutgreiinga om status i prosessen.

2: Kommunestyret tek ikkje i denne saka stilling til om Ørsta kommune skal halde

    fram som eiga kommune eller slå seg saman i ny og større kommune.

    Dette skal kommunestyret ta stilling til i juni 2016.

3. Kommunestyret ser det som nødvendig å gjere førebuingar for å gjennomføre ei rådgjevande 

    folkerøysting våren 2016, der ein felles intensjonsplan er eit vesentleg grunnlag for å gjere 

    reelt val av spørsmålet om samanslåing. Med atterhald om dette vil Ørsta kommunestyre 

    invitere til eit samarbeid med Volda kommune for å utarbeide intensjonsplan for samanslåing.

    Det kan i drøftingane med Volda kommune om felles intensjonsplan, verte aktuelt at også

    andre kommunar tek del i desse samtalene.

 4. Kommunestyret vedtek at det snarast råd skal gjennomførast ei lokal innbyggjarundersøking  

     for Ørsta der også Volda er invitert til å delta. Dette for å kartlegge innbyggjarane sitt 

     noverande syn på kva alternativ kommunen skal arbeide med fram mot folkerøystinga.

     Finansiering av undersøkinga er tildelte midlar frå Fylkesmannen tiltenkt arbeidet med

     kommunereforma.

Saksutgreiing

Som del av kommunereformprosessen er det våren 2015 gjennomført vurderingar av fem reformalternativ. I dette arbeidet  identifiserte ein tydelege utfordringar som må avklarast i den vidare prosessen og takast med i drøftingar av intensjonsplan. Vurderinga av er gjennomført som ei SWOT-analyse og denne kan du lese her.

Saksutgreiinga kan du lese her

Følg oss