KS og Folkehelseinstituttet står bak satsinga som vert støtta av Helse- og omsorgsdepartementet og helsedirektoratet.
«Kva er viktig for deg?» -dagen skal tydeleggjere ei viktig retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremjande tilnærming og ei styrka pasientrolle. Fokuset vert flytta frå « Kva er i vegen med deg» til «Kva er viktig for deg?» i livet ditt akkurat no.
På «Kva er viktig for deg?»-dagen blir tilsette i Ørsta kommune oppmoda til å stille dette sentrale spørsmålet til sine brukarar, lytte, reflektere over svaret og følgje opp kva som er viktig saman. Erfaringane viser at aktiv deltaking i utforming av eigne mål aukar motivasjon og styrkar eigenmeistring.
«Kva er viktig for deg» er eit godt utgangspunkt for reell brukermedvirkning. I Ørsta kommune har vi innbakt «Kva er viktig for deg» i mange av våre malar og rutiner for kartlegging og oppfølging av pasientar. Det tas ogmange «Kva er viktig for deg-samtaler». Vi ønsker at «Kva er viktig for deg» framleis skal vere noko som vi som jobbar i helse- og omsorgsavdelingen i Ørsta kommune har i ryggmargen
Helsepersonell over heile landet vil markere dagen og bere fargeglade buttons med teksta: «kva er viktig for deg?» som ei påminning om å innleie gode samtalar med brukarane. Målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og dei som mottek desse tenestene og deira pårørande
Lag ei god markering på din arbeidsplass.
- Team kvardagsrehabilitering: Karen Øie, Heidi Line Hagen og Monica Gustavsen