Markering av Møre folkehøgskule 125 år

F.v.: Roar Rønning (rektor 1991–1996, tilsett på Møre folkehøgskule i 18 år) Roar Rønning hadde eit attersyn frå 1899 – 2000, og fekk vist at folkehøgskulen har hatt ei viktig og spanande reise desse 125 åra, vidare: Runar Gudnason (styremedlem), Jarle Strømmegjerde (styreleiar), Rune Hovde (rektor), varaordførar Tove Halse Digernes, Egil Røyrhus (leiar i representantskapet) og Marianne Fivelstad (leiar i Sunnmøre frilynte ungdomssamlag). Wenche Solheim / Ørsta kommune

Onsdag 2. oktober var varaordføraren og kommunedirektøren med på markeringa av Møre folkehøgskule sitt 125-årsjubileum.  

Varaordførar Tove Halse Digernes overrekte helsing frå Ørsta kommune i samband med 125 års jubileet:

"Det er ei stor glede for meg å vere her i dag, for å feire eit imponerande jubileum – 125 år for Møre folkehøgskule. Frå starten i 1899 til i dag, har denne skulen vore ein sentral institusjon i utdanning og personleg utvikling for generasjonar av elevar.

1899 var eit år med store endringar, både i Noreg og verda. Det var ei tid med framsteg innan både politikk og teknologi. I Noreg fekk kvinner rett til å ta eksamen ved universitet, noko som markerte eit viktig steg mot likestilling.

På verdsbasis såg vi den første fredskonferansen i Haag, der nasjonar byrja å diskutere internasjonal fred og samarbeid – noko som kanskje kan minne oss om den verdien folkehøgskulen har hatt som ein stad for samhald og fellesskap på tvers av skiljelinjer.

Møre folkehøgskule blei etablert i dette landskapet av endring og framsteg. I over hundre år har skulen tilpassa seg tida og samfunnet, samtidig som han har halde fast på sine grunnleggjande verdiar. Folkehøgskulen har alltid vore meir enn berre ein skule – det er ein stad der unge menneske får tid og rom til å utvikle seg, til å reflektere, lære og vekse. Her får elevar moglegheita til å vere del av eit fellesskap, til å finne sine eigne vegar, og til å engasjere seg i verda rundt seg.

Gjennom 125 år har Møre folkehøgskule vore med på å forme utallige liv. Det er ikkje berre kunnskap som blir formidla her, men verdiar, forståing og eit medmenneskeleg engasjement som kvar elev tek med seg vidare i livet.

Å markere eit jubileum som dette handlar om å sjå både bakover og framover. Vi ser tilbake på dei visjonære som starta skulen, på dei som har undervist her og dei som har vore elevar, og vi ser framover til alle dei nye generasjonane som skal fortsette å forme skulen og framtida.

Det er også gledeleg å lese Folkehøgskulerådet sitt innlegg på Instagram der dei skriv at forskningsinstitutet NORCE har motteke midlar frå Forskingsrådet skal brukast på å kartlegge dei langsiktige verknadane av eit folkehøgskuleopphald. Det vil m.a. verte undersøkt om folkehøgskulane aukar samfunnsengasjementet, formar elevane til aktive samfunnsborgarar, betra psykisk helse og velvære, og om folkehøgskuleelevar presterer betre i vidare studier. Resultata kan få stor betydning for folkehøgskulane og utdanningspolitikken i Noreg framover. Det er grunn til å tru at forskinga vil avdekke positive resultat og tydeleggjere folkehøgskulane sin verdi.

Til alle tilsette, tidlegare elevar og noverande studentar – gratulerer med 125-årsjubileet! Vi ser fram til dei neste 125 åra med like stor tru på at Møre folkehøgskule vil halde fram å vere ein viktig del av Ørstasamfunnet og for unge menneske i heile Noreg."

Wenche Solheim / Ørsta kommune Elevane laga god underhaldning for medelevar, tilsette og innbodne gjestar. Wenche Solheim / Ørsta kommune

Følg oss