Det er størst trafikk i området ved skulestart og skuleslutt. Føremålet med den endra skiltinga er å etablere eit meir oversiktleg trafikkmønster, og er eit trafikktryggingstiltak knytt til nye Velle skule. Vårt tilrådde køyremønster til/frå Ørstahallen og Velle skule er difor frå rundkøyringa på E39 og inn Holmegata, og motsatt veg når ein skal tilbake.
Oppdatert vegmerking er i bestilling, og vert utført ila kort tid.
Vikeplikt Anders Hovden-gata
Ørsta kommune