«Ørsta rådhus er ein viktig og god arbeidsplass. Vi har fiksa litt småting tidlegare, som bytta dei gamle vindauga, men no har vi endeleg fått ein fin og god parkeringsplass og personalinngang. Utrulig kor flott det har blitt!» seier kommunedirektør Wenche Solheim. Ordførar Stein Aam leggjer til; «Og ja, dette var heilt nødvendig og sårt tiltrengt å få på plass.» Han takkar grasrota og alle som har vore med på prosjektet.
Representant for Norges Handikapforbund Monica Stokken var veldig fornøgd med parkeringsplassane for handikappa, sitteområdet og tilkomsten til inngangspartiet. «Før var her ein liten bratt bakke som var vanskeleg å ta seg opp. No er det heilt supert!» seier Stokken.
Positivt for utviklinga i sentrum
Parkeringsplassen er eit viktig tilskot til sentrumsparkeringa i Ørsta, t.d. når det er arrangement på kulturhuset og i sentrum. Noko som er veldig positivt for utviklinga i sentrum.
Prosjektet
Prosjektet har Ørsta kommune utført i eigenregi, med Anleggsservice AS som innleigd entreprenør for delar av arbeidet. Entreprenør har stilt med fem stk. og frå Ørsta kommune har 11 stk. frå veg og park bidrege med arbeidet. Prosjektleiar har vore Hallvard Bergmann. Einingsleiar for kommunalteknikk, Ulf Kristian Rognstad, påpeikar at har vore viktig er å få til ein parkeringsplass der overvatn renn godt vekk, slik at det ikkje dannar seg vassdammar.
Parkeringsplassen er asfaltert og 76 parkeringsplassar derav 3 parkeringsplassar for handikappa og 4 parkeringsplassar for el-bil. Lyktestoplar på parkeringsplassen og på gangvegen over Simahagen er på plass. Vidare er det lagt flott ferdigplen, steinheller og kantsteinar. Ordføraren seier at han har følgt nøye med på arbeidet og er veldig imponert over det dei har fått til.
F.v.: Prosjektleiar Hallvard Bergmann, Steinar Hjorthaug, Trond Eriksen (Anleggsservice AS) og Arnstein Ose.
Ingvild Marie Taraldset