Oppdatert måndag: Vegen over Standalseidet blir stengt natt til tysdag

Thomas Winther Leira / Ørsta brann og redning

Fredag gjekk det eit skred over vegen mellom Standalsetra og Dalegjerdet kraftverk. 

OPPDATERING 

Kl. kl. 15.00 måndag 06.01.25
Ørsta kommune har i samråd med geolog vurdert det slik at veg frå Store-Standal og til Standalsetra vert stengt mellom kl. 21.00 i kveld, måndag 6. jan. og fram til kl. 06.00 i morgon, tysdag 7. jan.

Kommunevegen vert brøytt frå Kolåsen i Follestaddalen til Standalsetra.

Kl. 15.00 søndag 05.01.25
 Ørsta kommune har vore på synfaring på Standaleidet. Det er brukt drone for å undersøke skredstaden og området rundt. Drone-bileta er delt med fagfolk i Skred AS. Konklusjonen er at Standalvegen kan opnast att.

Vegen er brøyta og open frå kl. 15.00.

Det vert gjort ei ny vurdering måndag, basert på meldingar om auka temperaturar og meir vind.

Stengde fylkesvegar i kommunen:
Fv 5912 Festøya – Store-Standal. Etter det kommunen kjenner til er arbeidet med å brøyte vegen i gong.  
Fv 655 Norangsdalen, mellom Kvislane og Fivelstadhaugen.

For meir informasjon om desse vegane og forventa tid for opning kan du gå inn på vegtrafikksentralen sine Trafikkmeldingar på : www.175.no.

Ørsta kommune har framleis auka beredskap og følgjer med på situasjonen ettersom det framleis er grender som er isolerte som følgje av stengde fylkesvegar. Også Ørsta Røde Kors har auka sin beredskap.

Ved akutt behov for hjelp: Ring 113 eller legevakta på 116117
Ørsta kommune ved Teknisk vakt på :  900 49 760
Eller kommunalsjef Eldar Øye på: 934 39 790

Kl. 12.30 laurdag 04.01.25
Ørsta kommune har vore på synfaring på Standaleidet saman med Varsom-observatør og Ørsta Røde Kors i føremiddag.

Kommunevegen over Standaleidet er no delvis opna, og vert brøytt frå Kolåsen i Follestaddalen til Standalsetra.

Når det gjeld strekket frå Standalsetra og ned til Standal har kommunen teke kontakt med NVE for å få gjort ei vurdering av situasjonen.

Mei informasjon om dette vil kome fortløpande.

Ørsta kommune har auka beredskapen i samband med snøfallet og følgjer med på situasjonen. Også Ørsta Røde Kors har auka sin beredskap.

Ved akutt behov for hjelp: Ring 113 eller legevakta på 116 117
Ørsta kommune ved Teknisk vakt på 900 49 760
Eller kommunalsjef Eldar Øye på 934 39 790

Det har vore to krevjande døgn for brøytemannskapa våre. Vi har kalla ut ekstra mannskap.
Situasjonen er no under kontroll og brøytinga vert gjennomført etter behov.

Andre stengte vegar

Fylkesvegen frå Festøya til Store-Standal er framleis stengt.
Fylkesvegen gjennom Norangsdalen, frå Kvislane til Fivelstad (Jakob Moen-brua) er framleis stengt.

For meir informasjon om desse vegane kan du gå inn på vegtrafikksentralen sine Trafikkmeldingar på 175.no.

 

Kl. 17.38 fredag 03.01.25
Kommunevegen frå Kolåsen i Follestaddalen til Standal er framleis stengt fredag kveld.

Avgjerda er teken i samråd med Varsom-observatør og Ørsta Røde Kors.

Vi vil vurdere å opne vegen delvis laurdag morgon. I første omgang frå Kolåsen til Standalsetra.

Dersom folk på hyttene i området har akutt behov for hjelp i løpet av fredag kveld / natt til laurdag: Ring 113.

Ørsta Røde Kors har auka beredskapen sin i samband med situasjonen.

 

Kl. 14.59 fredag 03.01.25
Vegen er difor stengt fram til vi får gjort ei vurdering. Vegen er stengt ved Kolåsen i Follestaddalen.

Kommunen oppmodar folk som oppheld seg i hyttene i området om å halde seg i ro inn til vidare.

Frå tidlegare er fylkesvegen mellom Festøya og Standal stengt, men det går ferje frå Standal til Sæbø.  

Følg oss