Ørsta camping får næringsprisen 2021!
I formannskapet 9. november vart det offisielt at Ørsta camping er vinnaren av Næringsprisen 2021. Prisen vert utdelt i kommunestyremøte 9. desember.
Viviann Ose Flø er tredje generasjon drivar av Ørsta Camping.
Ho har utvikla familiebedrifta på ein framifrå måte, og har investerert og tilpassa seg marknaden både i høve servering og tilrettelegging for besøkande.
Alle i Ørsta har eit forhold til Ørsta Camping og den gode maten dei serverer der, og det kjem folk frå heile regionen for å handle. Ørsta Camping er ein viktig bidragsyter til reiselivet, og til godt omdøme for Ørsta.
For Viviann og hennar mange dyktige medhjelparar er alle gjestar like viktige!
Utfyllande grunngjeving vert gitt i samband med utdeling av prisen i kommunestyremøte 9.desember.
Vi gratulerar så mykje!
Publisert av Elisabeth Sæbønes
Sist endra 07.07.2023 08:31