På kommunestyremøtet 12. desember delte Ingrid Opedal, leiar i styringsgruppa, gratulasjonen for 2. plassen.
– Det er ei glede for meg, som leiar i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta, å dele ut denne prisen frå Fairtrade Norge. Kvart år blir Årets Fairtrade-kommune kåra. I år var det Fairtrade-hovudstaden Oslo som trekte det lengste strået, men – Volda og Ørsta var i finalen, og hamna på delt 2. plass. Det kvalifiserer både for heider, diplom og fine ord, sa leiar i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta, Ingrid Opedal.
Grunngjevinga for prisen
Utmerkinga Årets Fairtrade-kommune blir kvart år tildelt kommunar som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement for rettferdig handel og berekraftig utvikling. Prisen anerkjenner kommunar som går føre som gode eksempel ved å integrere Fairtrade-prinsipp i sine innkjøp og aktivitetar. Prisen heidrar både dei konkrete tiltaka kommunane har gjennomført, og deira evne til å inspirere andre til å bidra til ei meir rettferdig verd. Gjennom sitt arbeid viser vinnarane korleis lokalt engasjement kan ha global betydning.
Fairtrade Norge har bestemt å gje kommunane Volda og Ørsta ein delt 2.-plass i utmerkinga «Årets Fairtrade-kommune». Utmerkinga blir gitt for desse kommunane sin langsiktige og kontinuerlege innsats for å løfte fram Fairtrade og berekraftig og etisk handel, og deira innsats for å involvere både næringslivet og innbyggjarane.
Volda og Ørsta er gode døme på at ein ikkje treng vere stor for å gjere ein forskjell.
- Kommunane har sidan 2008 vist eit sterkt engasjement for rettferdig handel og bærekraft.
- Kommunane har auka andelen Fairtrade-merka produkt i sine offentlege innkjøp. Ørsta har mellom anna arbeidd for at kommunen sine kantiner og institusjonar brukar Fairtrade-produkt der det er tilgjengeleg.
- Ein har engasjert lokalsamfunnet, mellom anna gjennom årleg Fairtrade-veke, stander på Høgskulen, Grøn Festival, World Fairtrade Day og Volda-dagen. Ein har og synliggjort lokale butikker som har Fairtrade-varer i sitt sortiment. Tidligere har en også hatt laurdagsseminar om Fairtrade på Møre folkehøgskole
Den interkommunale styringsgruppa, som inkluderar representantar frå kommunen og lokale organisasjoner, har vert ein sentral aktør i arbeidet. Gruppa har sørget for kontinuitet og utvikling i Fairtrade-satsinga gjennom å identifisere mål og tiltak, og gjennomføre disse.
Med sitt langvarige engasjement, konkrete resultater og sterke fokus på samarbeid har Ørsta og Volda kommuner lagt ned en eksemplarisk innsats for Fairtrade, og er derfor verdige mottaker av delt andreplass i Årets Fairtrade-kommune.
Som de veit, har kommunestyret vedteke at Ørsta skal vere Fairtrade-kommune. Det betyr at de alle er mottakarar av denne prisen. Som politisk leiar er det naturleg at det er ordføraren som tek imot diplomet. Det er ikkje så stort, men eg håpar du finn ein godt synleg plass å henge det opp på.
På diplomet står det
Ørsta kommune tildeles prisen for sitt fremragende engasjement for rettferdig og bærekraftig handel, samt for å integrere Fairtrade-prinsippene i kommunens virksomhet.
Så - kriteria for å vere Fairtradekommune er
- å setje mål for kor stor del av kaffien + ei anna vare som vert kjøpt inn via innkjøpsavtalen som skal vere Fairtrademerkt.
- å drive informasjonsarbeid for å få fleire, både innbyggarar og næringsliv, til å velje Fairtrade-produkt.
Godt samarbeid
Det første hadde ein ikkje klart utan godt samarbeid med dei tilsette som gjer jobben i kvardagen. Eg vil trekkje fram jurist og ansvarleg for innkjøp i administrasjonen Ragnhild Gjelsvik Varmo og avdelingsleiar på Felleskjøkkenet Silje Solhaug for at de er så positive til å gjere dykkar del av jobben.
Det andre hadde ein ikkje klart uten den felles styringsgruppa for Volda og Ørsta. Det er dei som står på stand, som serverer Fairtradekaffi på ulike arrangement, som gjer butikktestar, som skriv i avisa og på Facebook og mykje meir– alt på frivillig basis.
– Og heilt til slutt: De har grunn til å vere stolte av å bu i ein kommune som, i ein krevande økonomisk kvardag, greier å løfte blikket og sjå at alle dei fine orda om berekraft er lite verdt utan praktisk handling. Å vere Fairtrade-kommune er ein svært praktisk og konkret måte å delta i den store dugnaden det er å gjere verda til ein betre stad – for alle!
– Og så håpar eg pausekaffien vil smake ekstra godt i dag!
Ingrid Opedal avslutta med å tildele diplom til ordførar Per Are Sørheim og Fairtrade-sjokolade som kommunestyret kunne kose seg med til kaffien.
Ingrid Osdal delte ut blomster.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune