Påminning om bandtvang på hund i beitesesongen

Sau i Nøvedalen. Oddhild Kalvatn

Landbruksutvalet, frå møte 9. april 2024, ynskjer å minne om bandtvangen på hund, i samband med at det i desse dagar er mange husdyr som skal ut på beite på inn- og utmark i heile kommunen. 

Etter hundelova er det bandtvang i perioden 1. april–20. august. Ørsta kommune har i tillegg vedteke utvida bandtvang i beitesesongen, til og med 31. oktober.

Dessverre kjem det nesten kvart år melding om at lause hundar, små eller store, anten har jaga og/eller skada husdyr på beite, spesielt er småfè (sau og geit) utsette. 

Vi ber difor om at alle hundeeigarar respekterer bandtvangen, slik at vi unngår slike tilfelle denne beitesesongen.

Bandtvang i Ørsta kommune: 1. april–31. oktober. 

Kontakt

Liv Bente Viddal tenesteleiar
90704008
@ Liv Bente Viddal

Følg oss