Sak om overskjøn utsett grunna sjukdom


Saka i overskjønnsnemnda om erstatning etter grensejusteringa mellom Ørsta og Volda kommunar er utsett.

Etter planen skulle det gjennomførast forhandlingar i slutten av oktober. Ordførar Stein Aam informerer i formannskapsmøtet 18.10.22 følgjande: «Grunna sjukdom er saka om overskjøn utsett til etter nyttår.»

Som følgje av grensejusteringa per 01.01.20 har Ørsta kommune vore lova kompensasjon for inntektstapet frå kraftverka på Bjørke og Viddal. Saka har vore behandla i skjønsnemnda der Ørsta kommune skulle få 44 mill. kroner i erstatning. Både Ørsta og Volda har klaga inn vedtaket til overskjønsnemnda. Kommunedirektøren har tidlegare sagt at ein kompensasjon for grenseendringane er nødvendig for økonomien til Ørsta kommune.

No ligg saka hjå overskjønsnemnda som er klageinstans for skjønsnemnda. Overskjønsnemnda si oppgåve er å fastsetje det økonomiske oppgjeret ved grenseendringar med skjøn dersom kommunane ikkje blir einige seg imellom. Avgjersla i overskjønsnemnda er endeleg og kan ikkje ankast inn for dei ordinære domstolane.

Følg oss