Skulestart og trafikktryggleik

Unsplash

Velkommen til skulestart måndag 19. august 2024.

Oppmøte

Dalane skule: kl. 08.40
Hovden skule: kl. 09.00
Sæbø skule: kl. 08.55
Vartdal skule: kl. 08.45
Velle skule: kl. 09.00 
– Alle møter på skuleplassen, mellom skulebygga.
Vikemarka skule: kl. 09.00 
– 1. trinn møter ved flaggstanga, dei andre på grusbana.
Ørsta ungdomsskule: kl. 09.00
Ørsta opplæringssenter: kl. 10.00

Oppmoding til å gå eller sykle

No startar skuleåret, og det betyr at 1300 grunnskuleelevar skal på skuleveg. Alle som bevegar seg i trafikken har eit felles ansvar for at barn sin skuleveg skal vere så trygg som mogleg. 

Vi oppmodar alle elevar som kan, om å gå eller sykle til skulen. 

Det er veldig fint om foreldre nyttar dei siste dagane før skulestart til å øve på skulevegen i lag med dei yngste barna, slik at dei får trene på å vurdere situasjonane som oppstår. Etter kvart skal dei gå vegen aleine eller i lag med skulekameratar. Det er også fint å snakke om korleis vi bør stå når vi ventar på bussen, og korleis vi går til og frå busshaldeplassen. Foreldre kan også samarbeide om å følgje barna på skuleveg.

Vi ser at det som genererer farlege situasjonar er at mange føresette køyrer barna sine til skulen. Å starte med å gå eller sykle frå skulestart, kan legge grunnlag for gode vanar og fysisk aktivitet i kvardagen. Vi som har anledning til å gå eller sykle til jobb kan også bidra til å redusere trafikken, og gjere det kjekkare å vere ein mjuk trafikkant.

Dersom vi må køyre barna til skulen, er det viktig å berekne god tid slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar på grunn av at vi stressar. Då er det lett å miste overblikket og ta dårlege avgjerder.

Lat oss samarbeide om at det skal vere trygt å gå og sykle skulevegen sin. God skulestart til alle!

Trafikksystemet kring Velle skule

På måndag opnar nye Velle skule, og det vert ein ny kvardag for mange. Bygginga av den nye skulen gjer også at det vert nokre endringar i trafikksystemet i høve slik det har vore tidlegare – mest for dei som vert køyrde til skulen.

Gåande og syklande har mange moglegheiter for å kome seg til skulen. Borna frå Ose kan kome inn til skulen gjennom den gamle skuleporten langs E39, eller frå Anders Hovden-gata. NB! Gamleporten frå E39 er mellombels stengd i samband med anleggsarbeidet på uteområdet. Borna frå Ørsta sentrum, Grepalida, Vallabøen og Mo kan lettast kome til skulen frå Anders Hovden-gata, eller ved å nytte gangvegen mellom Ørsta vgs og Ørsta stadion. For dei fleste gåande og syklande vil nok tilkomsten frå Anders Hovden-gata vere den enklaste. Vi ber difor om at foreldre som køyrer borna til skulen respekterer at dette er ein tilkomst primært for mjuke trafikkantar og ikkje nyttar denne avkøyrsla.

Eit kart som viser kor personar skal gå og sykle til skule, slik som beskrive i teksten.  - Klikk for stort bileteKartutsnitt 1: Tilkomst for gåande og syklande.

Dei som har behov for å køyre borna til skulen skal nytte Holmegata og tilkomst frå området ved Ørstahallen. Der er det godt med parkeringsplassar for dei som ønskjer å følgje borna inn til skulen, og det er lagt til rette for avstiging ved rundkøyringa utanfor Ørstahallen for dei som slepp av borna utan å følgje dei vidare inn på skulen. Vi gjer merksame på at det er skilta «parkering forbode» på denne avstigingssona, og at dette gjeld heile døgnet.

I krysset mellom Holmegata og Anders Hovden-gata er det no skilta slik at køyrande i Holmegata har forkøyrsrett, og trafikk i Anders Hovden-gata har vikeplikt. Dette gjer at vi prioriterer trafikk frå rundkøyringa og inn til Ørstahallen, og trafikk frå Ørstahallen og ut til rundkøyringa. Vår tilrådde køyrerute for dei som nyttar bil til å levere borna ved Velle skule vert då via E39 eller Dalevegen til rundkøyringa på E39 og inn Holmegata. Dersom fleirtalet av dei køyrande nyttar dette køyremønsteret vil biltrafikken i Anders Hovden-gata gå ned, og opplevast tryggare for dei som går eller syklar i denne gata. Ved å forkøyrsregulere krysset vil også køyremønsteret verte meir føreseieleg, og trafikkbiletet kan opplevast tryggare.

Kartutsnitt 2: Slik anbefaler vi at de som skal sleppe av born kjører. Hugs at Holmegata no har forkjørsrett.


Anleggstilkomst til uteområde ved Velle skule

I samband med opparbeidinga av uteområde ved Velle skule vert gangvegen mellom Ørsta vgs og Ørsta stadion nytta som anleggstilkomst til anlegget. Vi oppmodar om at alle viser omsyn til anleggstrafikken, og at gåande nyttar gangvegen langs Ørsta stadion inn til Velle skule for å minimere konflikten. Entreprenør tilpassar også trafikken inn og ut av anlegget, slik at det ikkje er trafikk i samband med skulestart og skuleslutt. Det er også stilt krav til at det skal vere hjelpemann som følgjer all trafikk med stor bil inn og ut av anlegget.

Uteområdet skal vere ferdigstilt i slutten av november. Då vil også gangvegen verte asfaltert og ferdigstilt.

Følg oss