I denne veka er det tid for å starte eit nytt skuleår. Det er nok dei nye førsteklassingane som gru-gleder seg mest til gå inn portane til Ørstaskulen for første gong. Og bak dei står minst like spente foreldre som håper på at skuletida skal gi trivsel og venskap og etter kvart mykje god læring. Eg er sikker på at dei vil verte teke godt i mot av dei mange dyktige lærarane og miljøarbeidarane som vi har i Ørstaskulen.
I år er det også store endringar for dei eldste klassetrinna i Ørsta sentrum. Den nye skulen på Velle er klar til å ta i mot 5, 6 og 7-klassingar frå Velle og Vikemarka. Her vert det sett saman nye klasser og då er det også gode moglegheiter til å få nye klassekameratar. Nyeskulen på Velle har vorte eit flott og moderne skulebygg som vil gi gode moglegheiter for betre læring og oppfølging av elevane framover. Den nye skulen på Velle er det siste skulebygget i ei lang rekke med nye skulebygg; på Vartdal, Sæbø, Ungdomsskulen i Ørsta og no Velle skule.
Gode skulebygg er viktige for å få til god læring, men vi treng også gode lærarar og miljøarbeidarar som har tid til å sjå elevane og følgje dei opp. Det er difor krevjande for ei kommune med stram økonomi å balansere ressursar til drift opp i mot investeringar i nye skulebygg.
Eit av dei tiltaka som no vert rulla ut i Ørsta kommune er ein strategi for «betre tverrfagleg innsats» (BTI). Formålet er å avdekke vanskar tidleg, og legge til rette for ein samordna innsats til dei som har behov for hjelp. Der er mange familiar som har streva med ulike læring- og åtferdsvanskar og som synest at dei ikkje har fått den hjelpa dei trengde. Det vi no gjer er å legge ein samordna plan for korleis vi skal ta tak i desse problema, på tvers av skular, barnehagar og helsestasjon. Vi er ikkje i mål, men dette er ein god start.
Skulekvardagen har vorte langt meir krevjande dei siste åra, også i Ørstaskulen. Skal vi få den skulen som vi alle ønskjer, så må vi støtte dei som jobbar der og som prøver å skape trivsel og gode læringsmiljø kvar dag. Dyktige og motiverte lærarar er den viktigaste enkeltfaktoren for å skape ein god skule. Det er læraren som skal være sjefen i klasserommet.
Her har dokke som er foreldre ei viktig oppgåve, og det er å framsnakke læraren i form av å vise lærarane tillit og pedagogisk handlingsrom. Den viktigast oppgåva som foreldre er å legge til rette for god læring slik at elevane møter på skulen med frukost, nok søvn og matpakke. Og etter skulen, sørger for hjelp til leksene, fysisk aktivitet og kanskje det viktigaste, litt høgtlesing på sengekanten.
Lukke til med det nye skuleåret
Per Are Sørheim
Ordførar i Ørsta