Svært mykje snø, stor snøskredfare og stengte vegar

Vegen over Standalseidet er no opna, les meir. 

Svært mykje snø, stor snøskredfare og stengt veg

Varsom.no

Frå fredag 3. januar er det meldt svært mykje snø (oransje nivå) og stor snøskrefare (faregrad 4) på Sunnmøre. Vegen mellom Store-Standal til Festøya blir også stengt torsdags kveld.

Kommunen:

Vegen over Standalseidet er no open (søndag kl. 15.00)

Det har gått eit skred over vegen mellom Standalsetra og Dalegjerdet kraftverk. Meir informasjon.

Statens vegvesen:

Stengt vei: Store-Standal til Festøya
Uvær, vegen stengte torsdag 02.01.2025 kl. 21:00
Oppdatert: Berekna opna igjen: søndag 05.01.2025 kl. 18:00

Stengt vei: Norangsdalen
Fylkesvegen gjennom Norangsdalen, frå Kvislane til Fivelstad (Jakob Moen-brua) er framleis stengt.
Oppdatert: Berekna opna igjen: onsdag 08.01.2025 kl. 15:00
vegvesen.no

NVE:

varsom.no

Svært mykje snø – Oransje nivå

Fredag er det venta svært mykje snø, lokalt 30-50 cm i løpet av 24 timar. I fjellet kan det komme meir. Det er også venta kraftig vind i området med nordvest full storm seint torsdag kveld og fyrst på fredag. De kraftigste bygene er venta fredags ettermiddag i Møre og Romsdal. Varsom.no

varsom.no

Stor snøskredfare – Faregrad 4 

Tørre flakskred vil løyse av seg sjølv på grunn av nysnø og vind. Skred kan treffe utsatt infrastruktur eller bebyggelse. Unngå alt skredterreng. Varsom.no/snoskred 

Følg oss