Trafikktryggleik ved skule- og idrettsområde i sentrum

Vi oppmodar alle trafikkantar til å følgje trafikkreglane og bidra til betre trafikktryggleik i krysset mellom Anders Hovden-gata og Holmegata. Ved å overhalde vikeplikta og bruke offentlege parkeringsplassar, kan vi saman skape eit tryggare miljø for borna våre.

Videoen under syner trafikkflyten i krysset mellom Anders Hovden-gata og Holmegata ein morgon ved skulestart. I videoen ser vi at mange framleis nyttar Anders Hovden-gata, og at mange ikkje overheld vikeplikta for trafikk i Holmegata. Dette gjer at trafikken flyt dårlegare enn den kunne ha gjort.

Bidra til betre trafikktryggleik

Kartutsnittet under viser tilrådd køyremønster. Vi minner om at køyrande i Anders Hovden-gata har vikeplikt for trafikk i Holmegata. Vi oppmodar alle trafikkantar til å bidra til betre trafikktryggleik i området. Det er viktig å hugse at det er sjåførane sjølve som påverkar trafikkflyten og tryggleiken. Saman kan vi skape eit tryggare og meir effektivt trafikkmiljø.

Bruk gjerne offentlege p-plassar i nærområdet (kulturhuset, rådhuset, e.l.) og la borna gå det siste stykket til skulen – det bidreg til færre bilar og betre forhold for dei som går eller syklar.

Kartutsnitt av tilrådd køyremønster. - Klikk for stort bileteKartutsnitt

Levering av skuleelevar

Vi minner også om at desse stadane ikkje er berekna eller tilrettelagt for levering av skuleelevar:

  • avkøyrsla inn til Velle skule (området mellom Velle skule og Ørsta vgs) - dette er for varelevering og HC-parkering
  • p-plassen ved Shell
  • p-plassen ved Fjordtorget 

Følg oss