Tysdag 8. og onsdag 9. mars deltok fleire tilsette frå barnehage, skule og helse i Ørsta kommune på eit to-dagars introduksjonskurs i høve kommunikasjonshjelpemiddel i regi av NAV Hjelpemiddelsentral og Abilia.
Deltakarane fekk innføring i korleis tilrettelegge kommunikasjon med symboler for barn og unge som ikkje har utvikla eller har forseinka talespråk. Vi har flere barn som har behov for støtte i høve kommunikasjon og språk i Ørstabarnehagen og Ørstaskulen.
Det å tilrettelegge for eit godt språkmiljø med symboler er viktig for desse barna samstundes er det å støtte seg på symboler også godt for alle barn. “Det er nødvendig for nokre barn, men godt for alle barn” (Aina Ask).
Det å kunne bygge kompetanse på tvers av fagområder er ekstra nyttig. Desse barna har kontakt med fleire tenester, og det er viktig at det som blir starta opp i barnehagen blir videreført i skulen. Vi var derfor ekstra glade for at også tilsette i skulen var med.