Program
Ørsta:
Brannstasjonen er open frå kl. 11.00–13.00
Det vert spyling med brannslangar og servering av vaflar og saft. Du kan også sjå på stasjonen, bilar og utstyr. Sivilforsvaret kjem også og viser fram kva dei har i beredskap.
Kl. 11.00 – 12.45 Kunnskapløype
Kl. 11.15 – 11.45 Bjørnis kjem
Kl. 12.50 Trekking av premie for dei som har deltatt på kunnskapløypa
Sæbø:
Brannstasjonen er open frå kl. 11.00–13.00
Det vert spyling med brannslangar og servering av kjeks og saft. Du kan også sjå på stasjonen, bilar og utstyr.
Kl. 11.00–12.45 Kunnskapløype
Kl. 12.30–13.00 Bjørnis kjem
Kl. 12.50 Trekking av premie for dei som har deltatt på kunnskapløypa
Open brannstasjon vert arrangert i veke 38 som ein del av den nasjonale Brannvernveka i regi av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og forsikringsselskapet If.
Tidspunktet er ikkje tilfeldig. Hausten markerer inngongen til ei tid på året då mengda av bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av høgare straumforbruk og meir bruk av levande lys.
I denne veka vil Bjørnis besøke alle barnehagane i kommunen og det vert opne brannstasjonen for at små og store skal få sjå litt av det er brann og redningsvesenet styrer med.
Det vert mulig for dei minste læra om branntryggleik. Det vert kunnskapsløype med premie, spyling med brannslange og mogleik til å sitja i ein brannbil. Vi har også fått med oss Sivilforsvaret som er ei viktig støtte for oss ved større aksjonar. Det vert servert vaflar og saft til dei som kjem. Me håpar mange tek turen.
I sambande med brannvernveka har vi fokus på brannøving. Skular, barnehagar og andre verksemder har krav på å gjennomføra brannøving. Heime har ein ikkje det same kravet, difor må ein sjølv ta ansvar for det. Årleg brannøving heime hos ein sjølv vil bidra til at alle i større grad veit kva dei skal gjera dersom ulukka fyrst er ute.
– Vi oppfordrar alle til å bruka Brannvernveka til å ha ei brannøving heime. Det treng ikkje vera så komplisert. Avtal møteplass og kven som gjer kva i tilfelle brann. All erfaring syner at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar, taklar dei best.
Tips til brannøving heime:
- Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet, om kva ein skal vera ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
- Prat om kva ein skal gjera dersom det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små born, avtal gjerne kven som tar ansvar for kvar einskild born og snakk med borna om at dei ikkje må gøyma seg.
- Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassen eller bossbøtta.
- Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle å koma seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
- Ein skal veta kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det vert brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato