Arena for Læring om velferdsteknologi (ALV) og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Møre og Romsdal inviterte alle kommuner i fylket til kompetanseheving i velferdsteknologiens ABC. 17 kommuner i Møre og Romsdal tek del i opplæringa. Målet er å styrke kompetansen i bruk av velferdsteknologi.
I Ørsta er det over 30 tilsette frå ulike teneste- og fagområde som tek opplæringa. Deltakarane er med på 3 felles digitale samlingar for alle kommunene og 5 samlingar lokalt.
Med velferdsteknologi meiner ein først og fremst teknologiske hjelpemiddel som kan bidra til auka tryggleik, sosial deltaking og mobilitet. Målet er å styrke den einskilde si meistring i kvardagen til tross for sjukdom og nedsatt funksjonsevne, og å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukar, pårørande og tilsette.
I Ørsta kommune er vi godt i gong med å innføre velferdsteknologi som ein del av helse og omsorgstenesta.
I omsorgsbygg der sjukesignalanlegg har gått ut på dato har ein over fleire år bygt opp eit nytt pasientvarslingssystem på felles Sensio plattform. Systemet er kjøpt inn i ein felles rammeavtale for kommunar på Søre Sunnmøre. Her har kommunen nytta investeringstilskot frå Husbanken til å finansiere delar av kostnadane og fått tilskot på 55 % av søkt sum i støtte. I det nye systemet kan kvar bebuar få varsling tilpassa sine behov. Der er både aktiv og passiv varsling.
I heimane nyttar vi også Sensio plattform, til liks med mange kommuner på Søre Sunnmøre. I denne plattformen kan ein setje opp tryggleiksalarm og utstyr som fall og dør/vindu sensor som varslar når brukar har behov for hjelp. Alarmmottaket er no vår eiga heimeteneste.
Vi nyttar også teknologi som medisindispenser, lokaliseringsteknologi(GPS) og digitalt tilsyn frå andre leverandørar i heimane, desse teknologiane er vi no i ferd med å knytte til den same Sensio plattformen.
Dei tilsette har gjennom Sensioplattformen fått felles digitale arbeidsflater som er like uansett kvar dei jobbar. Våre tilsette har tilgang til pasientopplysningar ute hjå tenestemottakarane som til dømes digitale arbeidslister, dette når dei gjennom ein eigen app på sine tenestetelefonar som er knytta opp mot vårt journalsystem. I tillegg nyttar kommunen digital innbyggjardialog som gjer det enkelt og sikkert for tenestemottakaren å kommunisere med tenesta.
Kommunen erfarer også at fleire er interessert i og tek i bruk teknologiske hjelpemiddel i heimen på eige initiativ t.d. ulike sensorar, robotstøvsugar, lokaliseringsteknologi(GPS) og nettbrett. Dette er positivt og viser at innbyggarane i Ørsta er med i den store digitale endringa i kommune-Noreg.