Har du framlegg til Stikk UT! Vinterfottur?
Stikk UT! Vinterfottursesongen nærmar seg og det er tid for å finne turane vi ønske som vinterfotturar i kommunen.
Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og er derfor med på Stikk UT! Vinterfottur for andre gong.
I den samanheng ønske vi innspel på vinterfotturar innan 1. oktober 2024.
Det er nokre moment som er viktige når det gjeld val av vintertur:
- Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
- Turskildring i www.morotur.no
- Avklaring med grunneigar
- Nærturar der folk bur
- Tilgjengeleg parkeringsplass
- Solid underlag som tåler slitasje vinterstid
- Vintertilhøve, ikkje fare for snøskred eller is-sprang
- Variasjon i innan grønne og blå turar
Skjema for innspel
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Sist endra 19.09.2024 12:00