Miljøfyrtårn-sertifisering til Würth

Bildet viser miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik, Øystein Sætre Hovden, ordførar Stein Aam og Sveinung Myklebust, sisnemnte som held diplomen på sertifikatet. - Klikk for stort bileteMiljøvernrådgjevar Magnar Selbervik, Øystein Sætre Hovden, ordførar Stein Aam og Sveinung Myklebust. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Måndag 15. mai delte ordførar ut Miljøfyrtårn-sertifikat til Würth Norge AS i Hovdebygda.

Denne utdelinga kom i seinaste laget då bedrifta allereie i desember i fjor hadde oppfylt alle krav. Men betre seint enn aldri, seier ordførar Stein Aam.

Miljøfyrtån er ei nasjonal ordning for kvalitetssikring av miljøarbeidet av heile drifta ved små og mellomstore bedrifter.  Miljøfyrtårn-sertifikat er anerkjent som miljødokumentasjon ved offentlege innkjøp og anbodskonkurranser, og inneber at bedrifta har eit kontinuerleg arbeid på forbetring og måloppnåing innan miljøområde som energiforbruk, transport, forbruk, avfall og arbeidsmiljø.

Dette er eit kvalitetsstempel og Würth er den 16. i rekkja om å oppnå Miljøfyrtårn-sertifisering i kommunen. Som ei del av arbeidet set  Würth også krav til sine leverandørar slik at det blir ein rullande ball med at fleire og fleire får eit miljøretta fokus, seier miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik. Kommunen kjem også framover til å setje krav til sine leverandørar, legger han til.

Sveinung Myklebust tok imot sertifikatet og påpeikar kor viktig det er å ha ein slik sertifisering i botn, då dette no også vert forventa av kundane. Vi har brukt ein gode del tid på å få dette på plass, og målet til Würth er å få alle avdelingar i Norge sertifisert ila 2023. Würth har blitt vurdert etter og oppfylt kriteria innan handel og som leigetakar i tillegg til felleskriteria som gjeld alle som vert sertifisert.

Würth har avtale med Søre Sunnmøre gjenvinning og har fått på plass alt av sortering. Sveinung trekk fram eit døme frå reglane dei har for å redusere avfall: personale må alltid bruke eigne krus, dei får ikkje ta av kaffi-pappkoppane som er tiltenkt kundane.

Dei kan tilby mange bioprodukt og kontinuerleg fokus på substitusjon der ein kan nytte meir miljøvennleg produkt.

Les meir om Miljøfyrtårn-sertifisering og Miljøfyrtårn.

Kontakt

Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik

Følg oss