Kvitveisen barnehage

Kvitveisen barnehage

"Oversiktleg og passe stor til å sjå enkeltbarnets styrke og behov"

Kvitveisen barnehage er eigd og vart bygd av Ørsta kommune i 1991, og er ein liten, veletablert barnehage med eit stabil personalgruppe. 

Barnehagen er bygd for to avdelingar, men i inneverande år er vi organisert som søskengruppe med omlag 26 plassar for barn i alderen 1-5 år. Barna er store delar av dagen delt i 4 mindre alderinndelte grupper som fordeler seg på inne- og uteområdet i barnehagen. 

Barnehagen er geografisk plassert i utkanten av byggjefeltet på Vallabøen, like ved Fonna. Vi har eit romsleg og fint uteområde, med leikeapparat og naturleg skogsområde, trass i at vi ligg i byggefeltet med einbustadar som næraste naboar. Barnehagen ligg i skogkanten og har kort og nesten bilfri veg til fine tur- og friluftsområde, skog, fjell og elv. Det er gangavstand til nærbutikk, Vikemarka skule og Ørsta sentrum. 

Kvitveisen barnehage har lang erfaring med å gje styrka barnehagetilbod til barn som treng ekstra hjelp og støtte.
 

Barnehagen på facebook

 

Kvitveisen barnehage